JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

3067
20240531
3067
20240531

Roman

Madame Nielsen:

Kvartett til tidens ende. III. Den høyeste orden & underverdenen. IV. Etter tiden

Omsett av Knut Johansen
Pelikanen forlag

Rett før jul i fjor kom dei to første bøkene i Kvartett til tidens ende: Kjensgjerninger og Min fars død. No er bok tre og fire ute, og her leverer Madame Nielsen sin visjon av verdas undergang i form av ein framtidig klimakollaps, ørkenspreiing, klimaflyktningar og kamp om ressursar, alt ført tilbake til «mennesket, det talende dyret, som brenner ned og går under i sin aktivitet».

I Danmark er bøkene gitt ut under samletittelen Pentagon smeltet, og det er nedsmeltinga av verda som er det overordna temaet.

«Kvartetten er skriven med poetisk patos og stor tankekraft.»

Ulike tider

Den høyeste orden & underverdenen går føre seg på ulike stader og til ulike tider, gjerne knytt opp til ein klosterkultur der alt er bunde saman gjennom bønn og ritual og ein lengt etter å nå det fullkomne, å gå opp i Den Høyeste Orden, idealsamfunnet, utopien.

Men utopien har si motsetning i dystopien, underverda, og denne pendlinga mellom det høge og det låge pregar teksten i stor grad når handlinga flyttar seg til Berlin midt under pandemi og nedstenging av samfunnet.

Her bur Madame og observerer både dag- og nattsidene rundt Stuttgarter Platz. Ho kartlegg det heile detaljert, grundig og merksamt med slitne menneske og nedslitne bygningar, og ho søker seg både mot nonneklosteret Den Høyeste Orden og ei luguber bule, vakta av Kerberos, helveteshunden som står ved porten til dødsriket i gresk mytologi.

Ho finn det guddommelege hos søster Mechthild som meiner at mennesket har omskapt Guds skaparverk i sitt eige bilde, og at maskiner løyser alle problem. Men maskiner har inga tru. I bula vakta av Kerberos står nyting og sex i sentrum, «Den Underste Verdens kaos» som opnar for «nattbukselommenes masturbasjonsdyp». Madame kjem i skvis mellom desse to livsformene, mellom orden og kaos.

Klimaflyktningar

I Etter tiden har katastrofen alt skjedd. Handlinga flyttar seg til ein liten landsby i Danmark der det enda finst vatn og eit snev av livsgrunnlag, samtidig som flokkar av klimaflyktningar drar forbi nordover for å finne eksistensgrunnlag på andre sida av havet. Ein forelder og eit barn står i sentrum, og begge står utanfor det vesle samfunnet i landsbyen. Denne posisjonen som outsiderar gjer dei begge sårbare, og slutten blir tragisk.

Kvartetten er skriven med poetisk patos, stor tankekraft og med visjonen som kompass i eit tidvis messande språk med allusjonar og referansar til religiøse tekstar, først og fremst Bibelen. I dette religiøst-mytologiske universet står dei store eksistensielle spørsmåla og paradoksa i kø, og for å avslutte med eit sitat frå Klaus Rothsteins melding i Weekendavisen for vel eitt år sidan: «Hendes… hypnotiserende prosa er på én gang inderlig og underlig, men altid smuk, hun er i den grad den eneste af sin slags i dansk litteratur.»

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis