Bok

Ånda som gir liv

Fernando Pessoa er ikkje ein forfattar, men eit bibliotek.

Fernando Pessoa (1888–1935).
Fernando Pessoa (1888–1935).
Publisert Sist oppdatert

Me seier stundom om einkvan at han eller ho er heil ved. Då meiner me sjeldan at vedkommande er ein treskalle, men at det er noko solid ved personen, noko utan endring. Som om det skulle vera så bra! Dei flyt i alle høve godt, slike, medan dei meir samansette søkk til botnar. Ein slik var tydelegvis den portugisiske diktaren Fernando Pessoa, og skal me halda oss til treverda og klassifisera Pessoa arborært (latin) og dendrologisk (gresk), er han å sjå som ein heil skog. Eg tykkjer likevel det er meir høvisk å kalla han eit bibliotek.

Ny heilskap

I utvalet Å vere ein annan i klassikarserien til Skald forlag, der boka kvalitativt sett høyrer heime, men på nokre måtar slett ikkje gjer det, av di det er eit utval som omsetjaren har gjort, slik at boka som heilskap er original og ny, møter me nokre av dei oppdikta forfattarane som til saman utgjer Fernando Pessoa.

Tekstane er ordna etter kalenderen, altså kronologisk, og det ser ut til å vera ein god metode, sjølv om dei sidene ved samtida som opptek desse forfattarane, for det meste har med personlege kjensler og refleksjonar å gjera, og desse er stundom tidlause. Apropos kalenderen: i ein note til side 19 nemner Øystein Vidnes at 17. januar 1912 var ein torsdag. Men sidan 1912 var eit skotår, og datoen kom før skotårsdagen, var nok 17. ein onsdag det året, slik det var i 1940, 1968 og 1996 – og vert i 2024. Berre vent og sjå! Derimot var 17. januar 1918 ein torsdag.

Viktigare enn alt dette er det at dei ulike forfattarane på forvitneleg vis uttrykkjer personlegdomen sin. Eg har festa meg mest ved den reflekterte Bernardo Soares, ein smålåten mann som er nøgd med å vera bokhaldarassistent, og slett ikkje vil stiga i gradene, og den tidvis affekterte vitalisten Álvaro de Campos, i den eine augneblinken eit heilt kor åleine i si hylling av Walt Whitman, og ved neste høve moralsk fortørna over ambivalensen hjå ein familie som har mista eit barn i ei ulukke, men som no har fått pengar i erstatning.

Gode tankar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement