Bok
Ånda sigra over sosial-demokratiet og alkoholen
Peter Norman Waage gjev ei imponerande oversiktleg framstilling av det imponerande produktive livet til forfattaren André Bjerke.
Peter Normann Waage har organisert stoffet på ein vellukka original måte.
Foto: Swanstrøm
Det er i år 100 år sidan André Bjerke vart fødd. Og ettersom dei tre bøkene som hittil har vore skrivne om Bjerke, ifølgje Peter Normann Waage, ikkje kan reknast som fullstendige biografiar, har han no laga ein til dette jubileet. Resultatet er ein murstein på over 500 sider. Men berre når det gjeld storleik. Det har vorte ei bok som er lett å lesa, utan å vera lettvint.
Eg lovar lesaren: Før ein veit ordet av det, har ein lese gjennom alle orda om denne ordkunstnaren som sjølv visste ordet av det, ja som til og med var redaktør av eit tidsskrift som heite Ordet.
Original vri
Waage har organisert stoffet på ein vellukka original måte: Ettersom Bjerke spela så mange ulike roller, har Waage skilt desse frå kvarandre og handsama dei innanfor kronologien til ekteskapa hans: I samband med ekteskapet med Mette Brun (1946–56) vert Bjerke framstilt som essayforfattar, med Henny Moan (1959–72) som poesiforfattar, og med Gerd Granholt (1972–85) som gjendiktar. Men undervegs er det eigne kapittel om alle andre av Bjerkes interesser, særleg sjakk, og vener, slik at kapitla ifølgje Waage er som overlappande takstein. Nett slike desse ekteskapa òg var.
Det er sanneleg eit stort materiale Waage har måtta halda styr på: Bjerkes privatarkiv på Riksarkivet er på over 13 hyllemeter. Bak i biografien er det ein bibliografi som dekkjer åra 1940–1983, altså om lag 40 år, som har 163 publikasjonar. Desse omfattar mellom anna 21 diktsamlingar, 8 krimbøker, 10 saksprosabøker, 2 novellesamlingar, 11 essaysamlingar, 3 humorbøker, 6 barnebøker, 2 prologsamlingar, 6 høyrespel og 21 omsetjingar og gjendiktingar.
Kulturkamp
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.