Amerikanske sommarfuglar
Ocean Vuong kombinerer det vakre og det brutale.
Ocean Vuong er fødd i Saigon, men bur for tida i Northampton i USA. For den kritikarroste diktsamlinga som kom ut på norsk i fjor, fekk han Whiting Award og T.S. Elliot Prize.
Foto: Tom Hines
Roman
Ocean Vuong:
På jorda er vi glimtvis vakre
Omsett av Rune F. Hjemås
Pelikanen
Ocean Vuong (fødd i 1988) vart med romandebuten i 2019 ein litterær sensasjon i USA, men alt i 2013 vart han kjend som ein særs lovande ung poet. Poeten syner seg også i prosaen, som er biletrik og original. Vuong lærte faktisk ikkje engelsk før han var fleire år gamal.
Som hovudpersonen i romanen er Vuong fødd i Vietnam av ei innfødd mor. Mykje er likt mellom hovudpersonen Veslehunden og Ocean, men å spekulere over kvar desse liva er identiske og kvar ikkje, blir snart ganske irrelevant. Det er berre å gi seg over: På jorda er vi glimtvis vakre er ei råsterk forteljing om utanforskap og familievald og om sterke homoerotiske førstegongserfaringar. Aller mest handlar boka om kjærleiken til ei mor som, for å seie det med ein annan poet, «har eit hardt liv prenta i andletet».
Veslehunden
I Vietnam er det ein tradisjon at for at vonde ånder ikkje skal kome og ta barnet, må ein gi deteit lite flatterande namn. Veslehunden kom med mor og bestemor til USA frå Vietnam som liten gut. Kvar den amerikanske faren som fekk dei til småbyen Hartford i Massachusetts, har blitt av, får vi vite lite om, han er stort sett utanfor soga. Mora Rose er sentrum i tilværet til gutungen og dessutan duet boka er stila til. Romanen er lagd opp nesten som eit brev til henne. Rose er analfabet og jobbar i ein neglesalong. Ho snakkar dårleg engelsk og er utsliten av arbeidet – og ho er valdeleg mot guten sin. Nokre gonger går bestemor Lan imellom og kjem barnebarnet til unnsetning. Andre gonger er Lan for langt inne i sin eigen galskap, etter traumatiske krigserfaringar i Vietnam, til å oppfatte kva som hender rundt henne.
Det er altså ikkje noko teselskap å vekse opp i denne familien. Heller ikkje på skulen har Veslehunden det noko særleg. Som typisk annleis blir han mobba, men dette er ikkje hovudtemaet i romanen. Viktigare er det at den rørsla sonen gjer ved å trenge stadig lenger inn i det engelske språket og den amerikanske kulturen, samstundes blir å bevege seg stadig lenger vekk frå den mora som han trass alt elskar høgt.
Mykje av sprengkrafta i romanen ligg i det meisterlege, doble blikket til Vuong: Erfaringane er skildra både «nedanfrå», med den intense inntrykksvarleiken som høyrer barnet til, og «ovanfrå», med perspektivet og tolkingsapparatet til den vaksne mannen.
Poesi og potens
Snart skal alt endre seg for Veslehunden. Sommaren då han er 14 år, møter han kjærleiken. Han forelskar seg i barnebarnet til arbeidsgjevaren på tobakksplantasjen han jobbar på, Trevor. Båe gutane er grovt forsømde av dei som skulle vere omsorgspersonar. I til dels ganske brutal sex finn dei trøyst og opphissande spaning hos kvarandre, forsterka av rus. Sexscenene i boka er mange, originale, poetiske og rå.
Vuongs USA er fleire galaksar frå det landet vi møter i konvensjonelle ungdomsfilmar eller Coca-Cola-reklame. Dette er ein stad prega av vald, rasisme og rusmisbruk – og eit altfor trongt mannsideal. Den sterke prosaen hans skildrar landet både innanfrå, med individets perspektiv, og utanfrå, i eit samfunnsperspektiv.
Rune F. Hjemås har vore flink til å ta vare på Vuongs poetiske språk, men har nokre stader ikkje skrive skikkeleg om til norsk, som når han set om «more often than not» til «oftare enn ikkje».
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mykje av sprengkrafta i romanen ligg i det meisterlege doble blikket til Vuong.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?