JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Alt om diktarpresten frå Alstahaug

Ivar Roger Hansen har levert eit imponerande storverk om Petter Dass.

Målarstykke frå 1684 i Melhus kyrkje som etter tradisjonen skal framstille Petter Dass (1647–1707).

Foto via Wikimedia Commons

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6112
20240126
6112
20240126

Sakprosa

Ivar Roger Hansen:

Petter Dass. Bibliografi og resepsjonshistorie 1678–2022

Bind 1 og 2
Museumsforlaget

I to tjukke bøker på i alt 1109 sider får vi eit kronologisk oversyn over alt Petter Dass har skrive, som har kome ut i meir enn 200 utgåver frå 1683 til i dag, med informasjon og kommentarar til alt frå høvesdikt og religiøse songar til Nordlands Trompet.

Vi får eit like heildekkande oversyn over alt som er skrive om forfattarskapen, der bøker og avhandlingar og dei minste skriftstykke der Dass er nemnd, er tatt med. Dessutan får vi vite alt om musikken som alltid har følgt forfattarskapen, og om alle andre skiftande former for bruk av diktaren i vår kultur.

I ei utruleg detaljert og kunnskapsrik framstilling stig han så fram for oss i ulike skapnader gjennom hundreåra, som symbol, som ikon, og som kanonisert forfattar som det ikkje meir skal vere mogleg å detronisere – sjølv om det på 2000-talet er prøvd å redusere han både som menneske og prest, men ikkje som diktar.

I det breie kulturhistoriske, bokhistoriske og resepsjonshistoriske perspektivet som Hansen skriv ut frå, kjem alle synspunkt til uttrykk. Dei fortløpande og gjennomgåande kommentarane i bøkene er alltid nyttige, presise og haldne i ein tilnærma nøytral tone. Men sjølvsagt skin det gjennom kva han som har lese alt og veit det meste om Petter Dass, meiner om både det eine og andre.

Før vi går nærare inn på teksten, som det sjølvsagt er uråd å kommentere anna enn på overflata, la det vere sagt at eg ikkje ein augneblink er i tvil om at dette ikkje berre er eit omfangsrikt og stort verk – det er eit storverk.

Bibliografien

Framstillinga av Dass-bibliografien fyller heile band 1 og er delt inn i fem bolkar. I band 2 følgjer så resepsjonshistoria. Men det at heile verket er delt i ti seksjonar, nummerert fortløpande, understrekar at dei to delane heng nøye saman og er avhengige av kvarandre.

Alt kan seiast å gå inn i ei moderne bokhistorisk avhandling der nye tankar og teoriar i litteraturvitskapen frå 1990-talet og framover har lært forskaren nye måtar å tenke og arbeide på. Hansen gjer nokså grundig greie for dei bokhistoriske og edisjonsfilologiske prinsippa som ligg bak hans forståing av Petter Dass og tekstane hans under skiftande tider og forståingsmåtar.

Det bibliografiske arbeidet er detaljert, med gode illustrasjonar av avskrifter og trykte bøker. Viktigast av alt: Hansen har sett og tatt på og studert så godt som alt det bibliografien omfattar i alle biblioteka der dei finst. Sjølv om eg meiner det skal og må vere slik når vi snakkar om forsking, er det imponerande og overtydande.

«Viktigast av alt er forståinga av det som fører til nye tankar og endrar forståinga av diktarpresten.»

Endra forståing

Dei teoretiske innleiingane som blir grunnlaget for metoden arbeidet følgjer, må vere på plass, men dei er langt mindre viktige enn arbeidet som følgjer. Hansen gjer greie for resepsjonshistorisk forsking ved å nytte Hans Robert Jauss’ teoriar. Her trur eg kanskje Hayden White ville vore ein minst like god hjelpar. Det betyr ikkje så mykje, for det er vanskeleg å sjå korleis ein skulle fått meir ut av Dass-resepsjonen gjennom 340 år enn det som her blir gjort.

Spørsmålet blir heller om noko kunne ha vore utelate? Det kunne gjelde stoff som referansar til Dass i romanar der det minste blir frykteleg smått, mens det er meir å hente i avsnittet om «Dikterne og Petter Dass». Viktigast av alt er framstillinga av det som fører til nye tankar og endrar forståinga av diktarpresten. Det er velkjent nok, men Welhavens artikkel frå 1856 som på sett og vis etablerer Dass som skjønnlitterær forfattar, får den merksemda han fortener – ikkje minst fordi det etter kvart fører til første samleutgåva av Petter Dass’ skrifter.

Då nærmar vi oss slutten av 1800-talet, og historia om bøker og forlag og utgivarar på 1900-talet og fram til i dag er sjølvsagt avgjerande for det biletet vi har av soknepresten på Alstahaug. Så vidt eg kan skjøne, må det vere eit viktig poeng at det biletet ikkje er mennesket Petter Dass, men heller den stordommen som det han skreiv og måten det er motteke på, har gjort han til.

Sidan denne meldaren både er helgelending og litteraturforskar, må det vere lov å slå fast følgjande: Petter Dass slik han står fram gjennom eiga dikting og i dette verket til Ivar Roger Hansen, liknar ikkje det minste på diktarpresten som to meter høg står trugande på sokkel på torget i Sandnessjøen (på Petter Dass’ plass)! Skule Waksviks skulptur er ikkje nemnd – kanskje heilt medvite?

Fornya interesse

Det er skrive mykje om Petter Dass dei siste tjue åra – mykje av det knytt til stor aktivitet ved museet på Alstahaug, men også ved at lokalhistorisk forsking (Kåre Hansen) og prosjekt ved Det norske språk- og litteraturselskap har ført til nye bøker, både trykte og digitale utgåver.

Éi digital utgåve må nemnast: Katekismesanger i tekstkritisk utgåve ved Jon Haarberg (2013), bokselskap.no. Det kom til å stå strid kring Kåre Hansens Petter Dass – mennesket, makten og mytene (2006), der det blei hevda at Dass kua og undertrykte folket han preika for, og på ingen måte var eit godt menneske. (I eit par meldingar tok eg sjølv avstand frå Hansens konklusjonar.) Det vanka både ros og ris då den første doktoravhandlinga om Dass kom same året (Hanne Lauvstad) – ros for den retoriske og litteraturhistoriske analysen av Nordlands Trompet, medan fleire har gått mot forståinga av at verket er meint for ei lærd målgruppe og ikkje lokalbefolkninga.

Nord-Noreg synte seg å ha særleg grunn til å forsvare og vareta både mennesket og diktaren Petter Dass. Så må vi ikkje gløyme at han levde i eit hierarkisk samfunn med lover gitt av Gud, han var fast i trua og trufast mot det som var hans rolle. Men så var han altså diktar og folkeoppdragar og kom til å leve i tekstar og segner og legender, til han no står urokkeleg med endå ein bauta: bokverket til Ivar Roger Hansen.

Hans H. Skei

Hans H. Skei er professor emeritus, litteraturkritikar og omsetjar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis