JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Algoritmar og attrå

Brageprisnominerte Ekko handlar om den moderne medierøyndomen mange er ein del av, men som fleire burde ha eit problematisk forhold til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lena Lindgren er politisk kommentator i Morgenbladet.

Foto: Julie Pike

5061
20211119
5061
20211119

Sakprosa

Lena Lindgren:

Ekko. Et essay om algoritmer og begjær

Gyldendal

I kva grad påverkar dei sosiale media, med kalkulerte triks for å gjere oss brukarar avhengige av dei, hjernen vår? I den særs velskrivne boka Ekko. Et essay om algoritmer og begjær ser Lena Lindgren på dei blinde driftene til mennesket. Lindgren undersøkjer kva som skjer med oss menneske når dei store teknologiselskapa, som Google, Twitter, Facebook og andre, byrjar å leike med attråa vår, som vi, om Lindgren har rett, beintfram ikkje har kontroll på.

Vi må slutte å lyge om eigen originalitet og sjølvstende: Vi diltar etter kvarandre og er slett ikkje unike. Dei store teknologiselskapa veit dette og skipar algoritmar som formar oss og gjer oss til etteraparar og grådige konsumentar.

Men har Lindgren rett i denne analysen?

Analyseverktøy

Fyrst må vi sjå på kva grep forfattaren tek i denne boka. Lindgren trekkjer inn dei eldgamle historiene om menneskeleg veikskap og attrå for å betre forstå samtida. Ho held fast på at mytane er eit verktøy til gode samtaler om dei kreftene vi menneske har i oss. Ho følgjer etter Ovids myte om Ekko og Narcissus og meiner at denne forteljinga kan fortelje oss noko vesentleg om mennesket i dag, der vi hikar etter stadfesting og originalitet. Deretter koplar ho myten om Ekko og Narcissus opp med den fransk-amerikanske tenkjaren René Girards teori om mimesis.

Girard hevda at vi menneske er begjærstyrte, med dårleg impulskontroll og elendig dømmekraft. Vi er ein gjeng med imitatorar som ukritisk følgjer etter alle andre. Her kjem dei store teknologiske selskapa inn i biletet: Den nye teknologien forsterkar desse trekka i mennesket. Den nye mobiltelefonen har appar som er designa for at mennesket skal verte avhengig. Lundgren meiner at vi står midt oppi eit gigantisk hjerneeksperiment som vil forme oss i generasjonar.

Pressar røyndomen

Eg har to innvendingar til denne boka. Den fyrste går på bruken av teori. Lindgren pressar røyndomen vel hardt inn i den forma ho har bestemt seg for at røyndomen skal passe inn i: Girards teori og myten om Narcissus og Ekko.

Girard har gjeve oss ein totaliserande teori, og han forklarar det meste. Det gjer, som Lindgren skriv, at teorien er fleksibel. Men det er òg fare for at teorien vert for generell, og at det vert umogleg å finne ut om teorien hans er sann.

Lindgren nyttar myten om Narcissus og Ekko for å overtyde lesaren om den nye teknologiens verknad på mennesket. Og eg trur Lindgren har ganske rett i det ho finn om menneskets tendensar til misbruk. Lindgren fortel om at vi er som Narcissus, vi som vert leia av attrå når vi ser inn i spegelen og ser vårt eige sjølvbilete, som vi elskar og imiterer.

Det somme av oss ser av oss sjølve i dei sosiale media, er ei lygn. Vi forvekslar bileta av oss sjølve med oss sjølve. Bileta er endra, redigerte og idealiserte til det uattkjennelege, men vi imiterer dei likevel, sjølv om vi veit at det ikkje er godt for oss. Vi har heller ikkje eigne meiningar, men gjer som Ekko, ho som er dømd til å gjenta andre sine meiningar: Når vi er online, er vi fangar i vårt eige ekkokammer. Den nye teknologien vert spegelen som vi kikkar inn i.

Men eg får ved fleire høve kjensla av at myten og Girard dikterer analysane hennar meir enn det ho skal analysere, altså menneskenaturen.

Pessimistisk syn

Den andre innvendinga går på distanse til konstruksjon av eigen teori. Lindgren gjev seg i kast med teoretikarar med store teoriar i Ekko, men ho lagar òg ei stor forteljing sjølv, om mennesket: Det er eit pessimistisk menneskesyn som ligg i botnen av denne boka. Eg meiner at forteljinga om det moderne mennesket, som umedvite diltar etter algoritmane til big tech-selskapa, er for generell, og at ho ikkje har grunngjeve teorien sin godt nok. Ho er litt for nøgd med funnet av Girards teori, men eg skulle gjerne sett at ho sjekka betre om teorien til Girard – på det ho nyttar teorien til – er nyttig.

Ho freistar òg å trekkje inn andre teoretiske perspektiv i analysane, som religiøse og psykologiske forklaringar på mennesket, og hjerneforsking. Men det vert for generaliserande. Eit døme: «Den vestlige kulturen er såkalt sekulær, men en nesten patologisk bildedyrkelse av berømte mennesker har tatt religionens plass.»

Dette er ein rask og overflatisk observasjon, ikkje heilt galen, men mykje meir kan seiast om heltedyrkinga enn dette. Men det gjer ho ikkje. Ho meiner det er nok, og så går ho vidare, som om det ho lyfter fram seinare i teksten, altså den menneskelege idoldyrkinga vi ser i dag, nærmast er religiøs.

Alt i alt forstår eg at juryen har landa på at denne boka er ei av de fire beste sakprosabøkene i år. Ho er velskriven og aktuell og handterer mange kjelder på ein særs god måte. Men desse to innvendingane trekkjer boka ned.

Eskil Skjeldal

Eskil Skjeldal er forfattar og teolog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er eit pessimistisk men­ne­skesyn som ligg i botnen av denne boka.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis