JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Abort i eit kaldt samfunn

Sandvik og Syéd hevdar at dei ikkje tek standpunkt, men indirekte gjer dei det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5103
20211217
5103
20211217

Essay

Kjersti Sandvik og Grethe Fatima Syéd:

Hva snakker vi om når vi snakker om abort?

Solum Bokvennen

«Når vi snakker om abort, snakker vi om hvem vi er.» Dette er sluttord frå Kjersti Sandvik og Grethe Fatima Syéd, forfattarane av boka Hva snakker vi om når vi snakker om abort. Utsegna kan tolkast på ulike måtar. Men etter å ha lese sidene som fører fram dit, er attesten at vi veit for lite, vi meiner likevel mykje og tar for lett på spørsmålet.

Derfor er målet med boka å gjera abortdebatten meir opplyst og nyansert, og med det lykkast forfattarane langt på veg. Abort vedkjem svært mange av oss. Opp mot 40 prosent av norske kvinner gjennomgår abort i løpet av livet. Men same kor vanleg det er, er dette stadig eit minefelt av tvil, sorg og sinne som det er viktig at nokon tek steget inn i. At kvinner også kjenner lette og nytt livsmot etter gjennomført abort, må heller ikkje gløymast.

Dei tidlege abortane, før utgangen av veke tolv, som det er langt flest av, er ikkje tema. Den delen av lova er tilsynelatande skriven i stein, slik det nå ser ut. Tilmed KrF slår fast at det blir ingen omkamp om lova, og Olaug Bollestad sa på landsmøtet 13. november 2021 at dei som har gjennomgått abort, ikkje skal få nokon fordømande peikefinger frå henne: «Det kan sitje nokon i salen som har teke det vanskelege valet.»

Nedgang

Talet på abortar inntil veke tolv har gått jamt og trutt ned etter at vi fekk lova om sjølvbestemt abort i 1978. Vekta i boka ligg på det som skjer frå veke 13 til 22. Etter at fem parti på Stortinget har opna for at kvinna skal bestemme fram til veke 18, eller fram til veke 22, som SV vil, kan ein neppe seia at saka er dominert av dei ultraradikale. Men ein ny debatt har oppstått, og boka kjem i rett tid. Abort er eit alvorleg og ofte vanskeleg val å ta. Rådgjeving er derfor med i forslaget om å fjerne nemndene, som har siste ord etter veke tolv.

Om lag 600 kvinner søkjer om abort etter tolvte veke. Seinabortar er i mange tilfelle ynskte barn. Ofte dreier det seg om alvorlege helseavvik hos fosteret. Berre fem til sju får avslag. I desse vekene skal nemndene sørgje for at samfunnsansvar og fosterets rettsvern blir sikra.

Det lèt til at forfattarane ser på nemndene som eit gode. Om dei blir oppfatta slik av den abortsøkjande, er meir usikkert, her er det lite forsking. Legar med erfaring frå abortnemnd opplyser at oppgåva deira først og fremst er å innvilge eller avslå, ikkje gje råd.

Dersom ei kvinne blir pressa til abort, kan dei hjelpe henne gjennom avslag. Verdifullt er innsyn i kva medisinsk abort er, og kva som skjer når eit foster blir forløyst på sjukehus under ein seinabort. Vi får informasjon og synspunkt gjennom samtalar med ulike menneske, blant dei helsearbeidarar, ein teolog, tidlegare SV-politikar Kjellbjørg Lunde og Civita-leiar Kristin Clement. Begge meiner vi må gå djupare inn i dei etiske spørsmåla.

Sandvik og Syéd ser med otte på at omsorgsarbeidet er nedvurdert og i klemme. Vi ser tendensar til eit kaldt, nyliberialistisk samfunn og har slått inn på vegen mot å «sjoppe oss til døde». Det rammar foster med diagnosar som krev ekstra innsats, frå samfunnet og foreldra. Spørsmålet er kven som skal yte denne omsorga. Når dei faktisk set på papiret: «La oss ta kjøkkenbenken tilbake! Den er hjemmets hjerte og kjærlighetens arnested», blæs det ein 1950-talsvind gjennom rommet. Den vinden var i si tid ikkje helsesam, og så sterk at mannen knapt nærma seg kjøkkenbenken, for ikkje å tala om barnerommet.

Utfall mot venstresida

Forfattarane har utfall mot venstresida, som står på arbeidslina og «vil tvinge alle inn i én mal». Dei deler heller ikkje ut roser til dagens feministar som vil fjerne nemndene, eller til dei som arbeidde for sjølvbestemt abort i 1970-talet. Men som ein ettertanke noterer dei: «Kanskje har vår generasjon vært heldig. Vi har levd fredelig mellom de som kjempet fram abortloven i 1978 og de siste årenes teknologiske kjempesprang.»

I Katti Anker Møllers kamp for kvinners rett til sjølvbestemt abort for hundre år sidan hadde synd, skam og helvete eit sterkt grep på samfunnet. Helvete har bleikna. Består synd og skam i abortrommet? For om abort i seg talar vi lite, i ei tid da det meste blir bretta ut. Derfor er det verdifullt at ti kvinner fortel om eigne opplevingar i denne boka, kva dei saknar, kva dei fryktar. Da er vi i rommet der erfaringane og kjenslene får framstå utan fortolkingar.

Sandvik og Syéd hevdar at dei ikkje tek standpunkt. Men indirekte gjer dei det, blant anna gjennom kven dei intervjuar og siterer, og gjennom omtalen av nemndene. Det ville vore meir tillitvekkjande om dei fortalde kvar dei står i spørsmålet om kven som skal bestemme etter veke tolv. Kunnskapen, dilemmaa og verdiane dei formidlar, ville vore like velkomne.

Astrid Brekken

Astrid Brekken har vore programleiar i NRK og var med på å stifte feministbladet Sirene i 1970-åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er verdifullt at ti kvinner fortel om eigne opp­levingar i denne boka, kva dei saknar, kva dei fryktar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis