Bok

Å skilja larve frå tue

Villmarkshåndboka er instruktiv og underhaldande, men for norske forhold er ho berre delvis nyttig lesnad.

Forfattarane fokuserer i all hovudsak på ekspedisjonsliv i Canadas villmark, med innslag frå Nord-Sverige og Finnland.
Forfattarane fokuserer i all hovudsak på ekspedisjonsliv i Canadas villmark, med innslag frå Nord-Sverige og Finnland.

Sakprosa

Ray Mears og Lars Fält:

Villmarkshåndboka. Friluftsliv i de nordlige skoger

Gyldendal 2018

Kva er den rette måten å tenna ei fyrstikk på? Korleis tenner du eit naudbål ved hjelp av eit kompass, ein tampong og ei riflepatron? Og korleis får du mauren til å servera deg eit naudmåltid om du skulle gå tom for mat i skogen? Dette og mykje meir får me svar på i Villmarkshåndboka. Friluftsliv i de nordlige skoger, ei instruktivt illustrert bok krydra med villmarksanekdotar frå notid og fortid. Med «håndbok» er det nok ikkje meint ei bok du kan ha med på turen – ho veg 1,7 kilo og høver betre som sofalektyre enn som teltlektyre. Held ho det forfattarane lovar på bokomslaget, nemleg at du får «svar på alle spørsmål, uansett om du skal på en kortere sommertur eller på en langtur her i nord»?

Ikkje heilt. Ho ber preg av å vera omsett frå engelsk, både når det gjeld måten ho er skriven på, og kva som er skildra – originalutgåva kom ut i USA for to år sidan. Er du nordmann og planlegg å driva norsk friluftsliv i Noreg eller grannelanda våre på nordkalotten, finst det betre eigna bøker (Lars Monsens Villmarksboka. En håndbok i friluftsliv frå 1998 er framleis framifrå). Men så er jo nemninga «her i nord» på bokomslaget temmeleg open. Forfattarane meiner nok det dei omtalar som «den boreale skogen», den som strekkjer seg kring den nordlege halvkula, særleg gjennom Skandinavia, Russland, Alaska og Canada. I all hovudsak handlar det om ekspedisjonsliv i Canadas villmark, med innslag frå Nord-Sverige og Finnland.

På urfolks vis

Begge dei to forfattarane har villmarksrøynsler utanom det vanlege. Ray Mears frå England brenn for å formidla levemåten og teknikkane til urfolket i Nord-Amerika og Sibir. Svensken med det treffande namnet Lars Fält er praktikaren av dei to; som mangeårig feltinstruktør ved Fallskärmjägarskolan i Karlsborg veit han alt som bør vitast om overleving i skogen nord for polarsirkelen. I føreordet minnest han den gongen han var ansvarleg for opplæringa av 30 samiske rekruttar: Etter ei stund innsåg han at det var han som lærte av dei, og sidan har han aldri slutta å vera fascinert over teknikkane og utstyret til urfolk.

Denne fascinasjonen smittar, for mykje av det som blir skildra, hadde det vore morosamt å testa ut. Men med mindre ein går heilhjarta inn for å leva på urfolks vis, er mykje av det i praksis altfor vanskeleg og tidkrevjande å få til, og heller ikkje alltid like praktisk i Noreg.

Lat oss til dømes sjå på noko av vinterutstyret som blir tilrådd i boka: Sjølv om dei aller fleste av oss nyttar ski av kunststoff, er det her berre tale om treski, utan stålkantar. Når det gjeld truger, er det òg berre den nordamerikanske, indianarinspirerte typen som blir tilrådd. Slike fungerer godt når det er nokolunde flatt. Men med tung sekk i vinterlege vestlands- eller nordlandsfjell, med vekselvis laussnø og glatt skare i bakkane, er i alle høve eg heilt avhengig av den moderne trugetypen som har klo eller broddar under bindinga.

Hugs worcestersaus

Vektlegginga av snøskuterkøyring er òg lite relevant for vanlege villmarkingar i Noreg; det er meir tekst om snøskuterar enn om ski og truger til saman. Bruken av slike køyrety er som kjent svært strengt regulert i norsk utmark, i motsetnad til i grannelanda våre. Når me til dømes les at «snøskuteren dessverre i høy grad har redusert skigåingens populalitet i skogen», er det ein generell påstand som burde vore endra eller kommentert i den norske utgåva.

Andre saker som verkar underlege, er småting som at worcestersaus blir lista opp under «basisvarer» ein bør ha med i proviantsekken, saman med salt, pepar, sukker, kaffi og så bortetter. Eller at det er viktig å beskytta seg mot insekt når ein handterer skjereverkty – «insektenes konstante nærvær kan utgjør (sic) en potensielt farlig situasjon». Eller at det er viktig å filetera fisken: «det minsker risikoen for å sette fiskebein i halsen, et potensielt farlig uhell i avsidesliggende strøk langt fra medisinsk hjelp». Dette luktar av amerikansk overvarsemd. Andre ting som står ukommentert, er at «det dessverre ikke lenger er mulig å ta med seg en hagle eller en rifle ut i skogen for å skyte vilt til middagen». Fjernt frå vår norske villmarkstradisjon, altså.

Maurmåltid

Sjølv om boka altså ikkje innfrir alt ho lovar, er ho underhaldande og gav meg fleire nye tips om metodar det hadde vore interessant å prøva ut – rett nok meir av forvitenskap enn av trong. Som dette med å få mauren til å servera meg eit naudmåltid om eg skulle gå tom for mat i skogen. Korleis går ein fram?

Legg ein presenning, til dømes ein fjellduk, på bakken ein solrik stad. Legg så nokre kvistar langs sidene av presenningen og brett inn enden av han, slik at det blir skugge kring kantane. Etterpå lempar du nokre nevar med maurtue og fordeler materialet utover midt på presenningen. Mauren vil då henta larvane sine frå midten av presenningen og flytta dei inn i skuggen under kantane av han. Etter 30 minuttar har mauren altså sortert ut dei proteinrike larvane for oss. Når dei er steikte, smakar dei visstnok som reker og kan nyttast i alle typar måltid for å auka proteininnhaldet.