Bok
Å sjå heile verda gjennom eit kornaks
Kornboka er ei fin bok om kornets historie og plassen det har i samfunnet vårt.
Første gong eg las det Åsmund Bjørnstad skreiv om korn, då eg var nyutdanna odelsgut med jobb i Noregs Bondelag, gav han meg kjensla av å ta del i noko viktig. Det var kanskje noko i det desse bondelagsfolka song, tenkte eg: at «all kultur er dyrken, først og fremst av jord».
At eg tenkte dette, hadde nok mykje å gjera med den gode forteljarevna og det gode språket til Bjørnstad. Når ein les Bjørnstads prosa, vil tankane lett gå til poesien. For han skriv godt, med poetisk kraft. Det er kanskje heller ikkje så rart, sidan han i tillegg til å vera planteforskar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), er gjendiktar av poesi.
Sivilisasjon
Når eg no las det nye sakprosaverket til Bjørnstad, Kornboka – Brødets og ølets historie, kom eg i hug ei av dei tidlege verselinene frå hans eiga omsetjing av sonettane til Orfeus: «Men ved tause lover tok nytt liv og forvandling til å skje». Kornboka blandar biologiske og genetiske innsikter med arkeologi, historie og poesi, idet me følgjer kornet og kornsortane si reise gjennom kontinent og sivilisasjonars vekst og fall. Det gjev ei slags oppleving av å ta del i utfaldinga av det som skotten James Hutton såg på som «djup tid».
Forfattaren siterer flittig frå klassiske tekstar, litteratur og diktverk, og Bjørnstad viser korleis alle dei store sivilisasjonane har sett med kjærleik og ærefrykt på kornet gjennom mytologiane sine: frå mor mais i Mexico til den sumerske riten der den menneskelege elskovsakta blir bilete på såing av korn i jorda. Korn er liv, ikkje berre i den gamle verda, men også i aller høgste grad i dag.
Men ikkje slik å forstå at korn er korn. Korn er så mangt, og som det står sitert ein stad i boka, «kveite er berre forfina gras». Bjørnstad får fram det enorme mangfaldet av alle grassortane som me kallar korn, som finst her i verda, og han lærer oss dei å kjenna både genetisk og historisk. Dette gjer han ikkje berre gjennom tekst, men gjennom utstrekt bruk av fotografi og illustrasjonar. Dette gjer boka til ei flott visuell oppleving. Samtidig gjev måten stoffet er presentert på, boka eit stort format, fysisk sett, slik at ho er noko upraktisk å lesa i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.