Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Å flire litt av klima

Gode dystopiar er viktige, men Bjørn Vatne viser at dei fint kan vere varme òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjørn Vatne har skrive to romanar.

Bjørn Vatne har skrive to romanar.

Foto: Prrivat

Bjørn Vatne har skrive to romanar.

Bjørn Vatne har skrive to romanar.

Foto: Prrivat

2996
20180511
2996
20180511

Roman

Bjørn Vatne:

Nullingen av Paul Abel

Gyldendal

Sjå føre deg at alle rundt deg mistar eigen vilje. Befolkninga blir som robotar som arbeider for makta. Ikkje ein gong personen du elskar høgst, er til å kjenne igjen. Du er heilt åleine, og det er berre éin ting å gjere: Kjemp til det ikkje går meir!

Allvitande duppeditt

Paul og Astrid Abel bur i Ålesund, året er omtrent 2050. Mykje har skjedd dei siste 30 åra, særleg innan teknologi og miljø. Plutseleg ein dag tar det kommunistiske miljøpartiet Pan-etisk forbund over landet. Det får dei til via sjalken, ei norsk oppfinning som er som ei datamaskin som er sprøyta inn i hjernen. Alle blir bokstaveleg tala hjernevaska, med unntak av ein marginal minoritet. Blant desse personane finn vi Paul Abel.

Det er mange dystopiar i bokhyllene for tida, fleire av dei er norske. Det florerer jo dessverre av faresignal som forfattarar tar på alvor.

Bjørn Vatne skriv derimot ikkje berre ein viktig roman. For meg er boka like mykje eit imponerande kreativt verk. Forfattaren har laga seg eit eige samfunn med mange teknologiske nyvinningar med kløktige vitskapelege namn og forklaringar. Eit døme er medisinen som no er «nanomedisinske roboter i kapsel». Moro er òg historiegjennomgangane der vi får vite kva som har skjedd mellom vår og Abels notid, til dømes innan diktarkunsten: «De utpenslet helst sin fascinasjon for dvergstorknebb i langdikt, i kåt visshet om at den mest grasiøse pennesvingeren blant dem ville få ligge med flest unge beilere.» Eit skarp blikk på klasse har dei òg, Paul Abel og Bjørn Vatne: «Det skadet heller ikke at han var uvanlig vakker, med et utseende som for en spaltist i Morgenbladet sendte tankene i retning av den franske skuespilleren Pierre Clementi». Desse syrlege og presise referansane til norsk samtid minner meg om Lotta Elstad, men dei er ikkje like dominerande her som hos henne; Vatne vil ha oss gjennom meir enn satire.

Overskot

Bjørn Vatne er altså nærast ei sitatmaskin. Særleg første halvdel av boka er prega av eit overskot; det er som om noko av spensten forsvinn litt etter kvart, men ikkje nok til at eg dett av. Og boka inneheld ei flott kjærleikshistorie, på toppen av alt det andre. Paul Abel er ein litt solstadsk hovudperson med «et verdenssyn som vinglet mellom det morbide og det stoiske», og det er først litt vanskeleg å tru på at han kan ha så varme kjensler for Astrid, men etter kvart forstår vi at det er på ekte, utan ironi, men med omsorg og lengt.

Nokon tenker nok på Maja Lunde når vi snakkar om klimabøker, men Bjørn Vatne skriv noko heilt anna enn kollegaen. Nullingen av Paul Abel er skarpare, meir humoristisk og intellektuell enn bestseljarane til Lunde. Eg håper Vatne òg får oppleve suksess, då romanen er av internasjonal kaliber.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Bjørn Vatne er altså nærast ei sitatmaskin.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis