Bok
Å eige eller å vere
Schweblin utforskar uhyggelege digitale moglegheiter.
Samantha Schweblin er filmvitar og debuterte som forfattar med ei novellesamling i 2002.
Foto: Alejandra López
På Netflix har dei i fleire sesongar sendt den populære og interessante serien Black Mirror. I kvar avslutta episode møter vi ei røynd der den teknologiske utviklinga er tatt eitt eller to hakk vidare frå no, ofte på eit vis som set uhyggelege krefter i spel. Her heime har forfattaren Cathrine Knudsen utforska noko av det same.
Dette er ikkje science fiction i tradisjonell forstand, dei fleste teknologiske nyvinningane det handlar om, er ikkje fiksjon, dei finst. Spørsmålet er korleis og av kven dei blir tekne i bruk. Fiksjonsprosa er ein bra stad å utforske den stadig tettare symbiosen mellom menneske og maskin.
Digitale leikedyr
Samantha Schweblin er 42 år og allereie utropt til ein av verdas viktigaste forfattarar. Ho blir samanlikna med størrelsar frå sitt eiga land som Julio Cortázar og Jorge Luis Borges. Kentuki er den femte skjønnlitterære boka hennar. Her møter vi eit vell av karakterar og miljø, spreidde over heile verda. Forfattaren har eit fast grep om alle dei ulike sogene og skjebnane, men til å byrje med er det litt anstrengande å trenge inn i den fragmentariske forma romanen har.
På 1990-talet dukka det opp digitale leikedyr som skulle fungere som erstatning for levande kjæledyr. Tamagotchi var den japanske varianten, Furby den amerikanske. Ein kentuki er Schweblins utgåve, ein kanin, ein moldvarp eller ein drage med pels og små hjul. Dei kan ikkje snakke, men lagar lydar. Kentukien har ein heilt vesentleg tilleggsfunksjon, eit innebygd kamera kopla til ein PC og ein person ein heilt annan stad i verda. Kentukien har altså både ein eigar, personen som kjøpte leikedyret i ein butikk og tok det med heim, og ein som «er» kentukien, personen som har tilgang til kameraet og som kan styre rørslene til figuren.
Gjennom ein kentuki kan ein få innblikk i andre kulturar og levevis heilt andre stader på kloten, utan å belaste klimaet eller eigen økonomi ved å reise dit i fysisk forstand (eller i våre dagar – utfordre karantenerestriksjonar). Men det er nokre nedsider her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.