JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

5. januar 1968

Olav H. Hauge-dagbøkene: Var Dostojevskij ein «poeta Christianissimus»?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2256
20231117
2256
20231117

Meir um Dostojevskij: Kjellermennesket. Dette er den boki som har hatt sterkast bod til meg av det eg har lese av Dostojevskij. Det er ei bok som du kanskje ikkje vil forstå utan du nett er eit kjellarmenneske eller har vore det då. Det har eg vore, og er det òg. Eit kjellarmenneske.

Difor er dette boki um meg, meir enn noko onnor bok! Her ugløymande skildringar i denne boki, s.t.d. då stakkars Lisa kjem fram med brevet frå den studenten den natti. Ogso ho er eit menneske!

Dette er høgdepunkt… Ja, Dostojevskij er i sanning den boki etter evangeliet som kan forvandla, umskapa menneskehjarto, og ikkje berre det, men gjeva oss eit nytt hjarta. Nett det, han kan gjeva oss eit nytt hjarta!

Dostojevskij og religionen. Satan og Gud er i deg sjølv, i ditt hjarta, det er Dostojevskijs metafysikk. Der stend striden, dersom du har dette edlare hjarta som verkeleg hyser desse store motsetnadene. Der stend då striden.

Dersom du ikkje har dette edlare hjarta, er du ikkje i stand til å skyna denne striden. Denne forferdelege striden. Du er berre likesæl, og skynar ikkje kva sume plagar seg med.

Var Dostojevskij ein «poeta Christianissimus»? Sikkert, stundom i alle fall. Med all sin tvil var han det, dersom me tolkar Jesus rett. Knapt etter vanleg kyrkjetru. Han vart alltid den store tvilaren. Alltid den store truande. Det kan høyrast paradoksalt, men han var slik, polariteten var hans vesen. Tenkjer ein etter må det vera slik i eit menneskehjarta.

Eining, harmoni, full Gudsuppleving fekk han nok røyna i einskilde stunder, men òg avgrunnar av tvil og myrker. Men Dostojevskij preika Gudstru, stødt, ho var naudsynt, men ein skal ikkje ta eit postulat for tru i eigentleg meining. Han forkynte tru um han tvila aldri so mykje.

For stødt, endå i dei største stundene, då han syntest fata einingi, var den kritiske intelligensen hans vaken. Og tvilen kom att, reiv alt sund att. Dette er tilfelle med personane hans.

Men me har hans eigne ord for at det var slik med han sjølv òg, og at han, di meir han tvila og leid under si vantru, di meir forkynnte han trui på Gud. Dette er typisk for han. Slik var han. Ja, han den store vantru, forkynnte ortodoksi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis