JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

300 nyansar av kvitt

Snøaugo, sporvehalvpartar og ekornnysnø: Yngve Ryds forteljing om snø er både praktisk og poetisk. Kven klarer å vera urørt over gleda ved å råka på vårens fyrste kaffiberrflekk?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sommarsnø i fjellet, dielle, er hard og ber både folk og rein. Biletet frå 1944 syner korleis samane flytta i tida før scooter og firhjuling, attpåtil med geiter.

Foto: Sven Sundius

10985
20220506
10985
20220506

Sakprosa

Yngve Ryd:

Snø. Reingjeteren Johan Rassa forteller

Dreyer

Det hender eg famlar med orda når eg skal forklara nokon når noko hende, til dømes i jakta. Var det «førre haust»? Eller «seinhaustes»? Kanskje «tidleg på vinteren» høver betre? Men når er eigentleg «tidleg vinter», nøyaktig? Og kva skil det frå «seinhaustes»?

Dei fire årstidene, slik Vivaldi skildra dei musikalsk i fiolinkonsertane sine, strekkjer ikkje alltid til. Frå skrivebordet kan ein dela året opp slik, men i naturen fylgjer ikkje alltid årstidsgrensene landskapet – særleg nord i Skandinavia, der endringane i naturen kan koma brått på eller gjennom lengre overgangsperiodar. Og ikkje minst kan tidspunkta for når snøen fer og bjørka spring, variera mykje frå år til år.

Formålstenleg er det difor at det fyrste av dei 18 kapitla i Snø. Reingjeteren Johan Rassa forteller etablerer eit rammeverk som skal syna seg nyttig seinare i lesinga. Kapittelet tek føre seg årstidene, og dei er det åtte av for samane.

Brunstige bukkar

Hausten (tjaktja) er i september og oktober. Det snør, smeltar og sluddar kring brunstige reinsbukkar. Haustvinteren (tjaktjadálvve) byrjar når snøen legg seg i slutten av oktober, og held fram gjennom november og brorparten av desember. Snøen kan smelta, men det blir ikkje berrmark. Sola forsvinn og reinen lyt flyttast ned til barskogen. Vinteren (dálvve) er i slutten av desember, og i januar og februar. Snøen er djup, skiføret tungt. Snøen tyngjer trea, og det er kaldt. Sola vender attende på denne tida, men står lågt på himmelen.

Vårvinter (gidádálvve) er i mars og april. Ein merkar at sola vermer midt på dagen, og så lenge snøen held seg kald og tørr, er dette den finaste tida på vinteren. Om beitet er bra, held reinen seg i ro. Sola skin, og det er ofte fint skiføre. Gamle samar som budde i hytte i den mørkaste og kaldaste delen av vinteren, pla no flytta ut i lavvo for å koma nær reinen.

Våren (gidá) kjem i slutten av april og i mai, når snøsmeltinga tek til. Snøen blir våt om dagen og frys til skare på nattetid. Våren sluttar når snøen har smelta bort, når reinen kan beita på berrmarka og simlene kalvar. Vårsommar (gidágiesse) er i juni og fram til midtsommar. Snøen er faren, men enno lauvast ikkje bjørkene. Det er lyst døgeret rundt. Ein flyttar reinen til høgfjellet og byrjar merkinga av kalvane.

Sommar (giesse) er frå midtsommar og ut juli. Bjørkelauvet sprett, og lufta tjuknar av mygg. Haustsommar (tjaktjagiesse) er i august. Reinen blir no flytta ned frå høgfjellet.

Rassa og Ryd

Både dette og alt anna i boka blir fortalt av Johan Rassa (1921–2014) frå Jokkmokk i Norrbottens län, Sveriges nordlegaste og største fylke. Rassa kom til verda i ein lavvo i utkanten av Sarek nasjonalpark, som ligg på svensk side om lag på breiddegrad med Bodø. Som medlem av Jåhkågasska sameby voks han opp med det gamle nomadelivet og var reingjetar heile sitt yrkesaktive liv. Fram til 1960-åra flytte folket hans med raid og lavvoar mellom høgfjell og furuskog. Slike raidar – snøørkenens karavane av køyrerein med kvar sin slede, som går på rekkje, leidd av ein skigåar – var på dette tidspunktet som oftast avskaffa andre stader.

Rassas forteljingar blir førte i pennen av Yngve Ryd (1952–2012), som var ein av Sveriges fremste formidlarar av samisk natur- og kulturkunnskap. Skiljet mellom natur og kultur er elles flytande i samisk samanheng. Det veit dei som har lese Ryds tidlegare bøker, til dømes Bål. Samisk ildkunst (norsk utgåve i 2018).

300 ord

Ryds snøbok kom på svensk i 2001 og er godt omsett av Helle Sommerfeldt, som har greidd å halda på stilen i originalen. 300 snø- og isrelaterte omgrep blir drøfta. Slikt har aldri vore gjort tidlegare, og det kan ifylgje forfattaren aldri gjerast igjen. Dei fem vintrane han og Rassa arbeidde med boka, var nemleg ei endetid.

Den siste generasjonen tradisjonelle reingjetarar var då over 80 år, og den rike kunnskapen om snø var i ferd med å gå i grava med dei. Endringane i reindrifta, der snøscooter har erstatta ski og motorisert reintransport på bilvegar om vinteren har teke over for den tradisjonelle transportmåten over snø, har gjort detaljkunne uturvande. Samane bur i hytter på fjellet og har hus i bygdebyar. Dei færraste bur framleis i lavvo rett på snøen.

Ikkje pynta på

Dei samiske orda i boka er lulesamiske, men mange av omgrepa er dei same på nordsamisk. Frå før av finst det nokre få, kortfatta snøterminologiske ordlister. Ryds bok inneheld også ei samanfattande ordliste, norsk–samisk og samisk–norsk. Men ho er mykje meir enn ei ordliste. Ho kan lesast som ei historie, og det er Ryds styrke at han maktar å formidla kunnskapen med eit språk som verkar ekte.

Utsegnene til Rassa blir ikkje pynta på; han får fram ein repeterande rytme som gjer mennesketypen bak orda attkjenneleg. Stilen er oftast knapp og konsis. Oppramsingar altererer med små historier, med digresjonar som fyrst kan verka umotiverte, men der poenget kjem som eit piskeslag til slutt. Det er sagastil over slike passasjar. Brodden i poenga er mest hemingwayske.

Korte opplistingar av korleis snøen ser ut, og kva konsistens han har – frå han legg seg om haustvinteren, til han eldest i løpet av vinteren og «rotnar» om våren – er berre éin del av soga. For samane er det vel så viktig korleis snøtypane verkar på kvardagen deira, noko som syner seg i orda for dei respektive «snøane»: om korleis folk, rein og rovdyr kan ta seg fram på eller gjennom snøen, korleis reinen kan finna mat over eller under snøen, og kva snøen av i dag kan føreseia om snøen i morgon.

Snøbork

Sidan han kan nyttast på ulike måtar, har den same snøen gjerne ulike namn alt etter om det er tale om skiføre eller reinbeite. For reinen er det bra om snøen er laus, slik at han kan grava etter lav, medan mykje laussnø er eit herk når ein går på ski. For skigåaren er skare lettast, helst med litt nysnø over.

I gamle dagar kunne samane lett leggja bak seg 15 mil på ski i løpet av éin dag på slikt føre. Men langvarig skare er ein katastrofe for reinen. Skaren – samane har eitt vakkert ord som tyder «snøbork» – kan difor vera så mangt. Heile 16 ord finst for skare, alt etter om han er tjukk og sterk, så svak at skia eller reinklauvene bryt gjennom, om han tiner om morgonen eller utover på dagen, om han er så skarp at han sliper ned treskia eller skader beina til reinen, og så bortetter.

Skaren treng sjølvsagt ikkje vera på yta. Han kan òg liggja i eitt eller fleire sjikt nedover i snølaga. Til dømes var litt dagfersk nysnø på moderat sterk skare som ber skigåaren, ideelt for ulvejegeren. Jegeren kunne røra seg raskt og lydlaust etter eit ferskt ulvespor, og ulven kunne innhentast av di han braut gjennom skaren og kava seg ut. Litt sterkare skare enn dette var gjerne fatalt for reinen. Reinen braut gjennom for annakvart steg og kava seg ut, medan jerven og ulven flaut oppå og kunne stella i stand blodbad i reinflokken.

Augo smeltar

Kapittelet om snøfall tener som døme på det poetisk-underfundige ved omgrepsapparatet til samane. Når det er kaldt og overskya, dalar det gjerne ned einskilde snøfnugg. Dei er så lette at dei eigentleg svever meir enn dei dalar. Slike blir kalla muohtatjalme, som tyder «snøaugo». Feite og mjuke snøflak blir kalla tsihtsebelaga, som tyder «sporvehalvpartar» (det svenske ordet er litt mindre poetisk: «lapphandsker»). Eit anna artig ord: Når det berre er kome bitte litt nysnø og ein skal slå fast om eit spor er ferskt eller gamalt, må ein granska det nøye. Det held ikkje å granska sporet på avstand, ein må heilt bort til det. Slik snø blir kalla oarrevahtsa, «ekornnysnø».

Om ein ikkje vernar augo godt nok i sol, blir ein som kjent snøblind. Verbet for dette er suddut – som tyder at augo «smeltar».

Mange bilete

Boka er ikkje fri for repetisjonar. Burde manuskriptet vore stramma inn, blitt korta ned og gjort meir systematisk? Kanskje. Men då hadde det blitt ei anna bok, ei som liknar på andre bøker.

Bileta, som det er mange av, verkar ikkje så profesjonelle. Dei fleste er tekne av Ryd sjølv med hans gamle, heilmekaniske Canon F-1, som fungerer uansett kor kaldt det er. Eit typisk motiv er av ein same (vanlegvis Rassa) som står pal og ser på ein type snø. Ein noko underleg biletkomposisjon, altså. Men eg lèt meg sjarmera.

Stilbrot

Det at Ryd openbert ikkje tenkjer på einskapleg stil i teksten sin, utgjer stilen hans – og får fram røysta til Rassa. Det er fleire typar stilbrot, til dømes på side 118, der Rassa skildrar den verste snøen. Her kjem det fyrste bannordet, plutseleg.

Kapittelet handlar om vårsnø, om siebla, som er gjennomtint, våt snø om våren. Når siebla er djup, blir reinen hengande på magen og kjem ingen veg. Ein underart av siebla er sliebádahka, som berre blir nytta når det er tale om reinsdyr, ikkje om folk. Dette er når den rotne snøen blir så tynn at magen til reinen ikkje lenger tek nedi.

Reinen blir uroleg; han vil ikkje grava etter lav under snøen, men vil bort: «Reinen er flokkdyr, men ikke i sliebádahka. De begynner å gå, og det jævlige er at de ikke går sammen. Det er vår, så de vandrer vestover [mot fjella ved riksgrensa], men de sprer seg.»

I denne snøen får reingjetarane aldri kvile, fortel Rassa, reinen må passast på natt og dag: «Det er hardt arbeid, reinen vandrer ganske enkelt og lett, men ikke mennesker som knapt nok orker å gå på ski. Nesten hele snøen lábllat [våt snø som fell saman] på skiene. Likevel må reingjeterne prøve å være i bevegelse hele tiden, man trenger mye tid rundt reinen. Det er knapt tid til å koke kaffi.»

Kaffiberrflekk

Kaffikoking er elles eit tilbakevendande tema. Det førekjem oftare enn matlaging. Kaffitilhøva blir eit barometer for trivsel, og å finna ein veleigna berrflekk i snøen for kaffibål utløyser ei mest barnleg livsglede hjå Rassa – ei glede som smittar.

Berrmark som tiner fram, er vigd eit heilt kapittel, og den mest gledelege sorten er káffabievlla, «kaffiberrflekk». Han er så stor at ein kan sitja på han og koka kaffi (om han er større, blir han kalla noko anna), og ein talar om han berre nett når snøen har byrja å tina: «Det er som en talemåte, en nyhet som man er glad for å kunne fortelle. Man kommer fra skogen og snakker om at man har kunnet koke kaffe på en káffabievlla. Da har våren kommet i gang! Men hvis man ikke har funnet en káffabievlla, da lar våren vente på seg.»

Ein kaffiberrflekk er altså meir enn eit fysisk fenomen. Det er ei kjensle, eit varsel om ei ny og lettare tid for folk og dyr: «Hvis man slumper til å komme til en fin káffabievlla og ikke har det travelt, koker man som regel kaffe, selv om egentlig ikke det var tanken. Det er hyggelig å sitte på káffabievlla, man kjenner at nå er det vår, nå blir det mat for reinen.»

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis