JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

🎧 Med glede over handlaga kniv

Å lage ein vakker tollekniv med godt bit, er ikkje for amatørar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Denne staskniven er kjend under namnet «Dronningen» og laga av Arne Martin Solbjør. Skaft og slire er kledde med gull, og kniven er kjøpt av Vest-Telemark Museum.

4691
20191129
4691
20191129

Lytt til artikkelen:

Sakprosa

Thomas Winje Øijord:

Kniv. Håndverk, tradisjon og den norske folkesjela

Kagge

Tollekniven har følgt menneske i Norden i 1500 år, sidan utvinning og tilverking av myrmalm vart kjent her. I Midtausten var dei meir enn 3000 år tidlegare ute med å ta jarnet i bruk. Før det skar mennesket med reiskapar av stein – flint og obsidian. Det siste er ein glasaktig bergart som kan bli kvassare enn stål. Skalpellar av obsidian skal framleis vere i bruk av kirurgar rundt om, jamvel i det teknologisk avanserte USA.

Thomas Winje Øijord, forfattar og fotograf, fekk ein gong ustyrleg lyst til å lage ein kniv. Då realitetssansen nådde han igjen, vart det i staden ei bok om knivar, mest tolleknivar. Han listar opp tre typar: brukskniven, staskniven og ein mellomting som han kallar laurdag føremiddags-kniv. Mellomtingen har noko dempa dekor. Alle har slire. Brukskniven var til kvardagslege og praktiske gjeremål; mange var ikkje kledde før kniven hang i beltet. Staskniven var mest til pynt på helgeklede og bunad, i høgtider. Dei som laga skaft og slire til stasknivane, utvikla sine geografiske særpreg i faget, som i annan folkekunst. Gleda ved å strekkje seg etter det fullkomne både som bitjarn og prydting må ha vore stor. Ordet gjekk om dei beste. Slikt har også dagens knivkjennarar greie på, og det vert skipa til utstillingar og tevlingar om kva dommarane tykkjer mest om. Norsk Knivforening gjev ut sitt eige blad, og foreininga protesterte mot lova som set forbod mot å bere kniv på offentlege stader, med nokre unnatak.

Kvasse knivar

Med boka vil Øijord ha fram igjen handverkstradisjonane som skapte tollekniven, og enkle verdiar som forfattaren tykkjer held på å falle vekk. Han meiner ein skikkeleg kvass kniv gjev opplevingar som vår tid ikkje aktar nok på. Vona ligg i at han trur tollekniven framleis har sin plass i folkesjela, kanskje djupt. Eksistensiell og sosial angst har no teke over etter redsla for det ukjende, det uforklarlege og det tilsynelatande unaturlege, skriv forfattaren. Mot alt det gamle verna kniven. Vetter og underjordiske kunne vere til både plage og direkte fare. Troll hadde henta eit lite barn og lagt igjen sitt eige. Men stål skydde dei alle. Ingen sov så trygt i vogga som guten eller jenta når dei hadde ein kniv med seg under fellen.

Skaknivar er det visst få igjen av – tolleknivar som hadde vore i bruk til å drepe eit anna menneske. Etter udåden måtte ingen vaske eller tørke dei. Med blodet på fekk dei magiske evner. Ein skakniv kunne stanse blodtap og lækje mange slags sår og sjukdommar. Skikken var at dei gjekk i arv frå far til son, men dei som har slike i dag, vil ikkje snakke om det.

Å lage ein vakker tollekniv med godt bit er ikkje for amatørar. Ingen kan lære slikt av ei bok, men vi får ein gløtt inn i kunsten gjennom reportasjar om korleis veteranar i faget enno gjer det. Eit godt knivblad har hardt stål i midten, det gjev skarp egg. Utanpå ligg mjukare stål som gjer kniven sterkare. Dei to delane bankar smeden i hop til eitt stykke når mannen med hammaren ser at stålet er høveleg varmt – når det har den rette fargen. Så skal stålet herde, ved brå overgang frå varmt til kaldt, og avherde (anløpe) under sakte avkjøling. Etterpå er det å slipe bladet høveleg tjukt og tynne det mot egga.

Knivmakaren

Smeden og knivmakaren – den siste laga skaft og slire – var gjerne to spesialiserte yrke. Slirene laga dei av lêr, tre, bein, horn og kvalrosstenner. Og så var det ofte metall til holkar på skaft og slire. Kvaliteten og stasen ligg i både form og dekor. Mønster skar dei som regel inn, eller dei trykte dei inn i vått lêr – dei pauta. Figurane heldt seg når lêret tørka. Rette sorten garva skinn fekk knivmakarane i Telemark frå eit garveri i Kvitseid, fram til 1947. Då brann huset, og grunnlaget for ein avansert teknikk vart borte.

Boka fortel mykje om fleire eigenskapar ved denne kniven som glei ut av dagleglivet. For dei fleste er truleg eit kapittel om å slipe knivar det mest praktisk nyttige. Kvass egg kan nok mange få til, om dei har høvelege reiskapar og ikkje sluttar før resultatet er godt.

Øijord har levert ei underhaldande bok. Gleda over kniven har smitta til teksten. Med ein slentrande iver vil han vekkje opp att knivkulturen som eit mangesidig gode for sinn og velvære. Innhaldet er velformulert og flyt lett i ein uhøgtideleg og delvis munter tone. Gode bilete er der også – mange. Støvete amanuensispreik finst ikkje.

Erik Solheim

Erik Solheim arbeider med
restaurering av gamle hus
og er fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gleda over kniven har smitta til teksten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis