Bok

¿ Korleis radikale islamistar vert til i Europa

Ei nifst god bok om terror som ikkje er til å kome utanom.

Publisert Sist oppdatert

Sakprosa

Vibeke Knoop Rachline skriv med kjølig distanse og oversyn para med akutt, noggrann observasjon av detaljar. Som kjent er det i detaljane djevelen bur. I denne boka bur også empatien og disseksjonen i forteljinga og analysen. Her skjønar vi korleis ein terrorist vert skapt i vår tid, og kva konsekvensar desse prosessane har for Europa.

Den fryktelege kvelden og natta mellom 13. og 14. november 2015 var eit inferno. 130 menneske døydde straks, 500 fleire har slite med skadar i ettertid, og nokre har bukka under. 5000 pårørande, andre som var til stades, og menneske i omgjevnadene deira, har slite med psykiske vanskar. Fotballstadionet Stade de France, konsertscena Bataclan og kafeane som vart råka, var alle møtestader mellom aust og vest i Paris. Eg er takksam for at forfattaren unnlèt å brodere ut verknaden av valden. I staden møter vi ei framstilling som, trass i det dystre emnet, ikkje kan unngå å fascinere.

Godt kjeldearbeid

Det rike og konsise, nedkjølte språket, dei kompletterande perspektiva og dei mange nye opplysningane kviler på eit enormt kjeldearbeid. Den røynde journalisten utnyttar breie røynsler og aktiverer omfattande nettverk. Ho har intervjua alle tenkjelege tilgjengelege aktørar, frå president Hollande til ungdomsarbeidarar i Molenbeek i Brussel, ein representant for dei sistnemnde var djupt sjokkert over åtferda til «fiksaren» Salah Abdeslam, som kunne blitt sportslegende.

Mellom andre møter vi ein nordmann som var tryggingssjef i Lafarge, ein industrigigant med spesialisering i sement, betong og ferdigelement. For å halde i gang verksemda si i Syria handla firmaet aktivt med IS og bidrog dermed til å skaffe IS midlar til å byggje opp nettverka sine. Rachline syner at heller ikkje Oljefondet unngjekk å involvere seg i desse aktivitetane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement