🎧 Iskalde lagnader
Odd Harald Hauge skriv kortfatta og råkande om ti tragiske polarekspedisjonar dei siste 500 åra.
I 1897 sette svenske Salomon August Andrée seg føre å kryssa over Nordpolen med ballongen «Ørnen». Det gjekk som det måtte gå.
Foto: Nils Strindberg
Lytt til artikkelen:
Sakprosa
Odd Harald Hauge:
Polare tragedier. Om mot, overmot – og død
Gyldendal 2019
Pressemannen og romanforfattaren Odd Harald Hauge kjenner det fysiske miljøet til dei tragiske heltane sine. Han har sjølv navigert seg mellom skruisen på Polhavet, trekt tung pulk i kuling og 37 kuldegrader til Sydpolen og fått teltet sitt blåse i filler. I boka Polare tragedier. Om mot, overmot – og død kjem røynslene og kunnskapen hans til sin rett. Her vier forfattaren ti ekspedisjonar kvart sitt kapittel: frå Hugh Willoughbys fyrste freistnad på å finna Nordaustpassasjen midt på 1500-talet, til 1912, då den slegne Robert F. Scott sovna sveltande og tørstande inn på veg heim frå Sydpolen, berre 18 kilometer frå utstyrsdepotet som hadde kunna berga han.
Dødsårsaker
For lesaren ligg spenninga i kvart kapittel (med eitt unntak) ikkje i om den aktuelle ferda vil enda godt for helten, men på kva måte ho endar dårleg. Og måtar finst der flust av. Ein kan sjølvsagt frysa i hel eller drukna i pakkisen. Skjørbuk er den tradisjonelt vanlegaste dødsårsaken for sjøfolk og polfararar. Blyforgifting førekjem òg ofte, for i gamle dagar var hermetikkboksane lodda med bly. (Dei late som varma maten direkte i boksen, slik at blyet smelta, var ekstra utsette.)
Kolosforgifting, der heile mannskap sovnar inn samstundes i tette hytter og telt, er ein stille og smertefri bane. Annleis er det om ein råkar isbjørn, som kan drepa både i levande og død tilstand: Eit klask frå bjørnelabben er sjølvsagt dødeleg, men det er òg levra hans. Et ein henne, får ein i seg drepande mengder vitamin A.
Franklin-ekspedisjonen
Kannibalisme førekjem òg i boka. Det var kannibalane som nådde lengst under Franklin-ekspedisjonen, den britiske jakta på Nordvestpassasjen i åra 1845–1848 som enda med at heile mannskapet på 129 omkom. Men korleis går ein eigentleg fram når det punktet er nådd at ein lyt eta eit anna menneske?
Dei færraste har på førehand sett seg inn i slikt. Hauge syner til at forskarar likevel har funne påfallande likskapar i måten ein går fram: I byrjinga forsyner ein seg av dei kjøtfulle delane, som skinka, låra, armane og leggene – hender, føter og anna som er attkjenneleg menneskeleg, blir førebels unngått. Men blir svolten meir prekær, forsyner ein seg òg av dei, i tillegg til innvolar og hud. Ved å knusa eit hol i skallen får ein fatt i den feite hjernen, og or knekte knoklar kan beinmergen skrapast ut.
Gjennom pakkisen
Hauges eigne røynsler merkar me særleg i drøftingane om kvifor det gjekk som det gjekk med Scott, denne ekspedisjonsføraren som korkje trudde på ski eller trekkhundar og blei knust av «maskinen Amundsen», som faktisk gjekk opp i vekt under returen frå polpunktet.
Eit anna døme der den maritime polarkjennskapen hans blir tydeleg, er når han skriv om den engelske freistnaden på å finna Nordaustpassasjen i 1550-åra. Korleis kunne skipa bruka over to månadar frå Themsen til norskekysten? «Ugunstige vindar» var den offisielle grunngjevinga, for det å kryssa mot vinden var noko skutene sleit med den gongen. Med full seglføring tok det mannskapet over éin time å gjera klar til vending, og gjerne over tjue minuttar å «gå over stag», altså å venda fartyet mot vinden.
Rattet var heller ikkje funne opp, skriv Hauge. Det gjekk ein stokk frå overdekket ned gjennom skipet til sjølve rorbjelken, og roret kunne så rørast på ved å skyva stokken frå side til side. Slikt gav lite utslag på roret, som berre var brukande til finstyring. Den eigentlege manøvreringa måtte difor gjerast med seglføringa – det må ha vore mest umogleg å snirkla seg gjennom pakkis og smale isråker på denne måten.
Nikkers og småsko
Den svenske ingeniøren Salomon August Andrée meinte det fanst ein langt makelegare måte å ta seg fram på, nemleg i lufta. I 1897 sette han seg føre å kryssa over Nordpolen frå Svalbard med ballongen «Ørnen». Dette niande kapitlet i boka er både det best skrivne og det mest tragikomiske, for aldri har ein polfarar vore dårlegare førebudd og mindre eigna til oppgåva.
Andrée og dei to stilige ballongkompanjongane hans var kledde i nikkers og småsko, som om dei skulle på hjortejakt i det skotske høglandet. Om bord hadde dei mellom anna ein kvit, brodert duk med frynser. På den kunne dei lesa leksikonet i fleire bind dei hadde med. Sjølv etter det endelege krasjet, då dei måtte hogga og spa seg gjennom skruis og skavlar med oppakninga, var duk, leksikon, sjampanje og portvin noko dei prioriterte å slepa på – i tillegg til hengelåsar og eit blankpolert messinganker.
Det tok 33 år før Andrée blei funnen, sitjande stivfrosen på ei berghylle bak teltet sitt på Kvitøya. Skildringane om korleis dei siste dagane hans kan ha arta seg, er som ein god kriminalnovelle.
Ikkje vitskapleg
Hauge har i all hovudsak tufta boka si på sekundærkjelder. I etterordet presiserer han at det ikkje er noko vitskapleg verk, og at lesarar som kan mykje polarhistorie, vil kunna finna feil og upresise opplysingar. Men ein treng ikkje vera polarhistorikar for å finna slikt, til dømes i kapittel 3, som handlar om Jens Munks jakt på Nordvestpassasjen kring 1620. Forfattaren skriv her fleire stader at Munk, som var frå Arendal, kom til verda i «middelalderens Norge». Det er allmenn semje om at den nordiske mellomalderen enda med reformasjonen.
Eit anna døme er illustrasjonen til kapittel 4, som handlar om Canada-ferda til engelske James Knight kring 1720. Knight levde i barokken. Men portrettbiletet av han i boka er då openbert eit fotografi av ein mann med slips? Eit raskt internettsøk med biletet syner at den avbilda i røynda er ein viss Isidore James Knight Cohn, som døydde i Australia i 1922.
Lyta er likevel ikkje alvorlege nok til å øydeleggja lesaropplevinga som heilskap. Hauge skriv i ein kortfatta og direkte stil, utan uturvande utbroderingar mellom poenga. Boka uttrykkjer ein ekte entusiasme for temaet. Og eldhugen smittar – nyttig er difor etterordet, der forfattaren nemner sine viktigaste sekundærkjelder og gjev råd om vidare lesing.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hauges eigne røynsler merkar me særleg i drøftingane om kvifor det gjekk som det gjekk med Scott.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.