JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

🎧 Frå kastespyd til kikkertsikte

Reidar Andersen og Espen Søilen trekkjer dei lange linene i jakthistoria.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Jegerens Sixtinske kapell»: Lascaux-hola i Frankrike, som blei oppdaga på slump i 1940, syner utdøydde dyr som urokse, europeisk løve og ullhåra nashorn.

Foto: Wikipedia

6243
20200430
6243
20200430

Lytt til artikkelen:

Sakprosa

Reidar Andersen og
Espen Søilen:

Jegere. Fra franske vinmarker til norske elgskoger

Font 2019

Homo-slekta, som me sapiens tilhøyrer, har alltid jakta, heilt sidan me kom ned frå trea i Afrika og byrja å gå oppreiste. Fram til for nokre tusenår sidan var denne slekta avhengig av jakta, og om den feila, kunne det få lagnadstunge fylgjer for jegerfolket. Dei som ikkje meistra jaktfaget, hadde difor færre etterkomarar enn dugande veidemenn som drog vilt i hus – eller hole.

Det at jakt eller anna hausting av naturen difor ligg instinktivt i dei fleste av oss, er eit grunnsyn i den faktaspekka boka Jegere. Fra franske vinmarker til norske elgskoger. Gjennom fleire hundre tusen år har det gått føre seg eit naturleg utval som favoriserte dugande jegerar, meiner forfattarane, biologiprofessor Reidar Andersen, som er direktør ved NTNU Vitskapsmuseet, og historikar Espen Søilen, tidlegare generalsekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Raud- eller svartelista?

Med tanke på Noreg er dette med nedarva jaktinstinkt særleg tankevekkjande, for det var her landbruket fekk sist fotfeste i Europa. Etter at dei fyrste pionerane kom til landet for 11.000 år sidan, og fram til landbruket spreidde seg for 4000 år sidan, var me eit reint jegerfolk. Dei siste 4000 åra har derimot jegerdelen gått ned frå 100 prosent til mellom 3 og 4 prosent. Er den norske jegeren dimed i ferd med å bli ein raudlista art, eller ein svartelista (med tanke på jaktmotstanden), spør forfattarane seg.

Frå eit jegersynspunkt ser det vel ikkje så svart ut, for det er relativt mange jegerar i Noreg, over dobbelt så mange som i dei fleste sentral- og vesteuropeiske land. Jegerregisteret tel 400.000 personar, og sjølv om berre halvparten av desse jaktar årleg, vil det seia at kvar tjuande vaksne nordmann årvisst legg i veg med hagle eller rifle i naturen.

Lange liner

Kva som særpregar vår tids norske jaktkultur om me samanliknar med resten av Europa, er sjølvsagt eit tema i boka. Men me må venta lenge på denne drøftinga, for Andersen og Søilen trekkjer nemleg dei lange linene i tid og stad: Frå då dei fyrste moderne jegerane av vår sapiens-art utvandra frå Afrika til Europa, der dei fann jaktmarkene okkuperte av neandertalarar, til ei koie i Tromsdalen øvst i Namdalen i dag. For her er det elgjaktlaget til forfattarane samlar seg kvar haust. Og det er jaktdagane i Namdalen, røynslene frå jaktpostane ved myrene og diskusjonane i hytta om kvelden, som dannar rammeforteljinga i boka.

Dette er rett nok ei smal ramme, så smal at ein stundom gløymer henne og difor spør seg om ei slik rammeforteljing i det heile hadde vore naudsynt – den kinesiske eska som oppstår når «nokon fortel at nokon har opplevd at nokon har fortalt», kan bli forvirrande. Likevel lukkast forfattarane med å bleikja det lange lerretet i ramma. Og sjølv om der ikkje er bilete, er kunnskapsformidlinga så systematisk og engasjerande at boka har godt driv.

Sixtinsk kapell

I vår tid er det elles ikkje noko problem om slike bøker manglar illustrasjonar, all den tid relevante bilete lett kan søkjast opp på internett. I kapittelet «Bergkunst fra Dordogne til Namdalskysten» er dette særleg nyttig, der det dreier seg om holemåleri og kva slike fortel oss om byttedyra og fangstteknikkane til istidsjegerane. Morosame er òg sogene om korleis holene blei oppdaga. Dette hende nemleg gjerne på slump, utan at oppdagarane hadde peiling på kva det var for noko.

Lascaux-hola i Vézère-dalen i Frankrike, som forfattarane treffande kallar «jegerens Sixtinske kapell», er eit godt døme. Ho blei funnen ein haustdag i 1940 av fire gutar som leitte etter den bortkomne hunden sin, Robot. Nede i ei steinur under eit stormfelt tre fann dei ikkje berre Robot, men òg ein løynd grotteinngang. Etter å ha fått fatt i lommelykt tok dei seg inn og blei lamslåtte av det lampelyset avslørte. Lamslått blei òg Pablo Picasso, som då han slapp inn her seinare same hausten, skal ha ytra: «Me har ikkje funne opp noko!»

Veggene og taket i grotta er dekte med 2000 måleri som er 17.000 år gamle. Det er som om dei på underleg vis svevar i rommet, desse folka, dyra og dei abstrakte figurane, for steinalderkunstnarane har nemleg ikkje plassert dei i noko landskap. Mange av dyra har me berre fossile restar av i dag, som den europeiske løva og det ullhåra nashornet.

Darwins hatt

Noreg når me fyrst etter å ha lagt halve boka bak oss, når dei drivne reinjegerane frå «ahrensburgkulturen» såg den lange kyststripa vår for fyrste gong. Som nemnt var dette for kring 11.000 år sidan, i tida då landet på ny reiste seg etter å ha vore tyngt ned av ei veldig iskappe.

Tankevekkjande er det me får vita om den lette jaktkvardagen desse pionerane må ha hatt, som førte til at busetjinga spreidde seg særs raskt langs heile kysten. For byttedyra var jo ikkje vande med folk og åtte difor ingen angst for menneske. (Her kan me koma Charles Darwin i hug, som på Galápagosøyane enkelt og greitt kunne samla fuglar ved å daska dei i hel med hatten sin.) Ta til dømes reinsdyra, som steinalderjegeren greidde å avliva med spyd frå 25 meters hald. Reinen har tydelegvis lært av dette – hadde det i dag vore krav om at alle reinsdyr skal fellast på mindre enn 30 meters avstand, ville fellingsprosenten vore temmeleg låg.

Gropfangst

For lesarar som jaktar sjølv, er nok kapitla om korleis jaktutstyret, jaktformene og jaktlovgjevinga har utvikla seg i Noreg dei siste hundreåra, den mest interessante delen. Kvifor førte til dømes Napoleons stormakts­ambisjonar til at elgen nærast blei utrydda i norske skogar? Og korleis fungerte den eldgamle «gropfangsten», der storviltet gjennom kunstige hindringar blei leidd ned i eit sinnrikt system av (opptil tusen) ulike kvist- og lauvkledde groper, der det lett kunne drepast? Fangstforma fungerte i alle høve godt, skal me tru Andersen og Søilen, all den tid ho blei driven heilt fram til slutten av 1800-talet, då ho blei forboden.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, elgjeger og fast musikkmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Holemåleria
syner folk, dyr og abstrakte figurar som på underleg vis svevar i rommet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis