🎧 Den nye kvardagen
Maja Lunde har skrive dagbok i dugnadens ånd.
Forfattar Maja Lunde har skrive om dei første dagane etter at pandemien braut ut her i landet.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Dagbok
Maja Lunde:
De første dagene
Aschehoug
Den nyaste boka til Maja Lunde, De første dagene, har ikkje fått noko sjangernemning, men teksten er ei dagbok datert mellom onsdag 12. mars og søndag 29. mars 2020, ein dag-for-dag-tekst som registrerer den nye kvardagen etter at Noreg blei stengd ned som ledd i kampen mot koronaviruset.
Det startar med at ho må forlate biblioteket der ho driv research på den siste romanen i den såkalla klimakvartetten. Bakgrunnen skal vere ein pandemi på Svalbard i 2110, men brått blir ting snudd opp ned, fiksjon og røyndom glir over i kvarandre, og ho får ei slags skrivesperre for romanprosjektet. I staden begynner ho å skrive dagbok om familien på fem, nabolaget og utfordringane som står i kø med heimeskole, heimekontor, arbeidsfordeling mellom vaksne og barn, avstand og handvask, brakkesjuke, alt dette ein må passe på og tilpasse seg i den felles dugnaden som skal redde oss ut av krisa og tilbake til det normale kvardagslivet.
Uro
Samtidig er ho bekymra for foreldra i risikogruppa, og særleg for den demente mormora som blir send frå sjukeheimen til sjukehuset med pustevanskar. Ei anna bekymring ho stadig vender tilbake til, er ein cyste i brystet som må undersøkjast og behandlast, og i ein mareaktig draum ser ho seg sjølv og mannen tjue år fram i tid, ramma av ein pandemi og overlatne til seg sjølv slik mange blir rundt omkring over heile verda.
Ved fleire høve skriv ho om den «verdensfortvilelsen» ho har kjent på under arbeidet med klimakvartetten, men ho løftar også fram det tilpassingsdyktige hos mennesket som ein ressurs, og ho undrar seg: «hvis klimaendringene hadde vært et virus, ville vi handlet, ville vi glemt de små detaljene vi alltid løfter fram som argumenter mot å gjøre noe?»
Skjerpa blikk
Koronapandemien har også skjerpa blikket mot tidlegare pandemiar som er skyvde i bakgrunnen til fordel for anna stoff i pensumlista: «Hvorfor er krigen pensum på alle skoler, mens spanskesyken ikke er stort mer enn et navn, noe som nevnes i en bisetning?»
De første dagene er skrivne med varme og omsorg for dei næraste, og hos Maja Lunde er det å leve berekraftig eit viktig innslag i kvardagen. Derfor steller ho i grønsakhagen, ho kjøper brukt på nettet med større eller mindre suksess, og når ho skaffar ei brukt og ubrukeleg trampoline til ungane, blir det eit sjølvironisk smil i teksten.
Mange vil kjenne seg igjen i De første dagene, og det er kanskje poenget med boka; å skape eit rom for gjenkjenning, slik at lesaren kan sjå at slik har vi det, alle saman, mens korona minutt for minutt flimrar over skjermen, og vi vaskar hendene, og vi held avstand, og vi gjer alt vi må gjere, for at dette skal bli bra igjen.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mange vil kjenne seg igjen i De første dagene, og det er kanskje poenget med boka.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.