Bok om beste venGeert Mak har skrive ei entusiastisk forteljing om Amsterdams viktigaste familie.Sakprosa
Geert Mak har skrive ei entusiastisk forteljing om Amsterdams viktigaste familie.
Rembrandts portrett av Jan Six frå 1654 vert rekna som eit av hans beste, og det er framleis i samlinga til familien.
Etter over 400 år i Amsterdams definitive toppsjikt sit familien Six med eit eineståande arkiv og ei vidgjeten samling av kunst og raritetar i huset sitt i hjarta av Amsterdam, der det no er den tiande Jan Six som rår grunnen. Den kjende journalisten Geert Mak nytter gjenstandane til å fortelje historia om familien, som òg vert historia om det nederlandske samfunnet frå sjølvstendet i 1570-åra og fram til i dag.
Eit tillitssamfunn
Familien Six var mellom dei mange som på slutten av 1500-talet tok med seg kunnskap, kapital og forretningskontaktar og emigrerte frå det katolske sør til det kalvinistiske nord, der Amsterdam raskt vart bygd opp til ei økonomisk stormakt, samstundes som konkurrenten Antwerpen bokstaveleg tala vart stengd ute frå marknaden: Hollendarane blokkerte innseglinga til byen. Mens dei gamle, rike byane i sør forvitra, vart Amsterdam ein boomtown der store formuar vart til. Sixane dreiv det stort i tekstilbransjen, men byen var også sentrum for kornhandelen frå Baltikum og etter kvart for handelen med kolonivarar.
Amsterdam var ein republikk i republikken Holland, som var ein sjølvstyrd provins i den nederlandske republikken. Denne merkelege statsdanninga var blitt til gjennom eit opprør til forsvar for gamle fridomar, det vil seie stands- og byprivilegium, og sidan adelen var liten og ikkje særleg rik, var det høgborgarskapet som hadde styringa. Mens resten av Europa gjekk mot einevelde, sentralisering og byråkratisering, heldt dei nederlandske provinsane fast på kollegialt styre i små, tradisjonelle einingar.
Likevel var republikken ein suksess; mellom årsakene peiker Mak på at det var eit tillitssamfunn, eller rettare eit samband mellom mange små tillitssamfunn. Her var lite korrupsjon, og difor var borgarane viljuge til å satse pengane sine på store felles prosjekt som Det ostindiske kompaniet, verdas første børsnoterte aksjeselskap.
Gullalderen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.