Klassisk
Blodige lepper
Soga om då Salome kravde døyparen Johannes’ hovud på eit sølvfat, er makaber og sanseleg.
Den halshogde døyparen. Utsnitt av eit måleri av Lucas Cranach d.e. (1472–1553).
Foto: Jozsa Denes
Bergen Filharmoniske Orkester og Edward Gardners oppsetjing av Richard Strauss’ (1864–1949) Salome under Edinburgh-festivalen i 2022 må – etter kritikkane i britiske aviser å døma – vera mellom orkesterets største bragder det siste tiåret. No er dobbeltalbumet med liveopptaket frå konserten i august det året kome. Dei som vitja Festspillene i Bergen tidlegare den sommaren, fekk høyra same verket i Grieghallen, med ei noko anna solistrekkje.
Eg hugsar at Bergen-oppsetjinga berre fungerte delvis. Ho var «konsertant», altså utan scenebilete, kostyme eller regissert skodespel, og tilløpa til dramatisk interaksjon mellom solistane verka klønete. Dette er jo ikkje noko problem på plata, og sidan orkesteret kling minst like godt som i Bergen, kan albumet verkeleg tilrådast. Sopranen Malin Byström tolkar Salome-rolla skremmande godt i dette blodige bibelske dramaet.
Ved Herodes’ hoff
Strauss’ einaktar Salome, op. 54 (1905), byggjer på tragedien med same namn av Oscar Wilde, som igjen byggjer på kapittel 6 i Markusevangeliet og kapittel 14 i Matteusevangeliet. Handlinga går føre seg ved hoffet til Herodes Antipas, den romerske lydkongen over Galilea og Perea i dei fire fyrste tiåra etter Kristi fødsel. Gardeoffiseren Narraboth er forelska i prinsesse Salome, stedotter til Herodes, men blir åtvara om at han lyt passa seg, elles vil noko frykteleg henda.
Frå ein brunn læt profetiar; der blir nemleg døyparen Johannes (i operaen kalla Jochanaan, eller profeten) halden som fange. Han har klandra Herodes for det syndige giftarmålet med Herodies, mor til Salome.
Fascinert av Johannes vil Salome absolutt møta han. Trass i Herodes’ forbod får ho gardeoffiseren til å henta han opp, noko profeten likar dårleg: «Vik frå meg! Eg høyrer vengeslaga til dødsengelen frå palasset!» Men slikt berre pirrar Salome: «Lat meg kyssa munnen din!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.