Bok

Blodhemn under breen

Når landet mørknar er ein storfelt og engasjerande roman frå dei norrøne busetjingane på Grønland.

Tore Kvæven debuterte med ein roman frå vikingtida i 2011.
Tore Kvæven debuterte med ein roman frå vikingtida i 2011.
Publisert Sist oppdatert

Stundom undrar ein seg over kvifor det er så lite folk i dei nordiske landa. Somme trur kan hende det kjem av at for mange amatørar driv med sporten orientering, men om ein les norrøn litteratur, og ikkje minst den nye tilveksten, romanen Når landet mørknar av Tore Kvæven, kjem ein annan hypotese til syne: Forfedrane var for hissige på hemn. Dei drap i eino, nær sagt.

Det er elles ein storfelt og imponerande roman Kvæven her har skrive, frå eit miljø som elles ikkje har dominert litteraturen, nemleg dei norrøne busetjingane på Grønland. Boka tek til med kvalrossfangst i året 1293. Der møter me ungdomen Arnar Vilhjalmsson, og det inntrykket han får av ein del andre personar under jakta, er tydelege frampeik mot det som skal komma. Den trollstore Hûnvarg kjem nok til å verta ein fiende for Arnar, medan andre truleg vert gode allierte. Her dukkar det også opp ei ung jente som teiknar seg så tydeleg i minnet hjå lesaren at ein straks kjenner på seg at ho nok kjem att seinare i soga. Og sanneleg får ein rett!

Kompromiss

I ein historisk roman, endå om han er oppdikta, lyt forfattaren inngå nokre viktige kompromiss. Han må skriva på eit språk som er forståeleg for lesarar i samtida, og såleis kan ein ikkje krevja idiomatisk korrekte vendingar frå Grønland anno 1293. Målgruppa hadde elles vorte heller liten, for Arne Torp er no berre ein, når det kjem til stykket. Likevel er det einaste eigentlege ankepunktet eg har mot boka å finna i noko av ordvalet. Ord som dimensjon, kontur, manøvrera, justert, sirkel, kaos, arena og melankoli bryt noko med føresetnadane og kjennest som uturvande anakronismar. Men slike innvendingar kverv fort når sjølve forteljinga byrjar å rulla, i mange retningar og med dei mest finurlege detaljar.

Her er me ikkje berre hjå Arnar, men stundom i hovudet til ein inuitt som fell i unåde hjå sine eigne etter mislukka knølkvaljakt, me får sjå tankane til ein isbjørn og jamvel ein moskusokse, og her er kvardagsarbeid og lengt og lyst skildra nært og fint, med menneskekunnskap, teknisk og historisk innsikt så vel som vørdnad og empati. Somme stader er det dei mindre naudsynte detaljane som lyfter teksten mest, til dømes når ei kvinne ein stad mot slutten av boka mjølkar ei ku, og tykkjer ille om den kvasse lyden av mjølkestrålen mot botnen i den tomme trebytta, men likar seg betre og betre når strålen berre møter mjølk, eller når ein kar som heiter Gunnar, prøver seg på ein akrobatisk og livsfarleg metode i eggsankinga.

Kulturhistorisk verdi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement