Musikk
Blod, sveitte og ubetalte rekningar
Svensk duo med like mykje songkraft som meiningars mot.
I ti år har Rasmus Arvidsson og Patrik Åberg dura på i sitt heilt eige tempo. I fjor gav dei utruleg nok ikkje ut noko album, så United States av Sverige er berre det tiande albumet frå duoen frå Nybro. Eller kanskje det ellevte.
Same kan det vere.
Det viktige er at duoen held fram med å lage tung, politisk indierock. Dei kan minne om Håkan Hellström i energinivå, men er ikkje alltid like opptekne av berre å danse og feste som han. Her vert tekstane fort like direkte som hos Imperiet og Ebba Grön. Fleire stader siterer dei dei nærast ordrett.
At nokon skriv intense og melankolske songar om kor teit kapitalismen er, eller at innvandringspolitikken er indirekte rasisme, i 2026, er oppkvikkande på fleire nivå. Særleg når dei samstundes rommar like mykje festkjensler og klarar å vere romantisk nære, slik som i siste låten «Hallå».
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.