Bling-ringenOcean’s-maskina glir glatt over til nye marknadar i kjent farvatn.KrimRegi: Gary RossOcean’s 8

Ocean’s-maskina glir glatt over til nye marknadar i kjent farvatn.

Filmen følgjer tradisjonen, sjølv om filmar med kvinner i vinningskriminalitet ikkje er så vanleg.
Filmen følgjer tradisjonen, sjølv om filmar med kvinner i vinningskriminalitet ikkje er så vanleg.Filmen følgjer tradisjonen, sjølv om filmar med kvinner i vinningskriminalitet ikkje er så vanleg.
Publisert

Krim

Debbie (Bullock) kjem ut av fengsel. Ho er eit luksusdyr av tjuveslekt. Fridomen skal straks nyttast til å stelle i stand eit storarta ran.

Bankran er keisamt. Det er meir underhaldande å stele eit enormt diamantsmykke under gallaen på The Metropolitan Museum of Art knytt til den vidgjetne fyrste måndagen i mai for moteverda. Ho må berre finne sju allierte, så er vi i gang.

Seriesegregering

Filmen følgjer tradisjonen til den moderne Ocean’s-trilogien av Steven Soderbergh, etter originalen frå 1960 med Frank Sinatra og gjengen. Første akt introduserer stjernegalleriet. Det er ikkje rom for å utvikle figurar. Dei er enkle og uoriginale, kanskje bortsett frå at filmar med kvinner i vinningskriminalitet går det ikkje tretten av på dusinet. Ein viss snert har oktetten rett nok.

Publikumsgrupper er like nøye planlagde som eit godt ran. Sjølv Hollywoods høge herrar har forstått at kvinner kjøper kinobillettar. Dei set så inn eit par kvinner som ikkje er kvite, til å spele andrefiolin for å nå ein breiare marknad og få færre skuldingar om reaksjonære haldningar. Slik segregerer dei sprøtt nok marknadane meir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement