JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Blautkokt L.A.-krim

Finurleg forteljeteknikk og dunkelt filmspråk forsterkar det Destroyer ikkje er: ein smart sjangerfilm.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nicole Kidman er hardt sminka som politietterforskaren Erin.

Foto: Sabrina Lantos

1767
20190125
1767
20190125

Krim / thriller

Regi: Karyn Kusama

Destroyer

Med: Nicole Kidman, Sebastian Stan, Toby Kebbell

Destroyer er ein pretensiøs og sjølvhøgtideleg krimthriller som vekkjer meir åtgaum på grunn av Nicole Kidmans forvandling enn substansen i forteljinga. Bak eit tonn av lite flatterande sminke speler Kidman rolla som Erin Bell, ein drikkfeldig etterforskar i Los Angeles-politiet.

L.A.-noir-tematikken er tydeleg frå starten av: Dette er eit Los Angeles langt unna Hollywood-glamouren. I opningsscena får vi eit nærbilete av Erin som vaknar opp i bilen medan sola steiker. Litt sjanglande spankulerer ho bort til ein åstad. Der ser ho eit lik som vekkjer henne: Ho veit kven drapsmannen er. To andre etterforskarar viser oss kor lågt på strå ho er i eigne rekker, som for å seie: Dette skal bli ein einsam jobb.

Filmen begynner gradvis å grave i fortida til Erin – fortald gjennom flashbacks – der alkoholismen, det mutte andletet og livsskjebnen hennar blir utbroderte. Det ferske drapet knyter ho til ein gammal kjenning, Silas (Kebbell), ein bankranar som Erin og den avdøde partnaren Chris (Stan) ein gong prøvde å fakke.

Det dunkle filmfotoet er stemningssetjande og referansenikkande, som om nittitalet aldri tok slutt, og verdas beste film er Heat. Filmspråket står dessverre ikkje i stil til den tynne hovudforteljinga, som må stø seg på den retrospektive historia for å henge saman. Gjennom to timar blir det for svakt og føreseieleg. Filmens klimaks er også såpass antiklimatisk at Destroyer vil bli hugsa meir for sminkejobben enn for manuset.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis