Bok
Biografi som bauta
Biografen går tidvis i fella og leverer ei lovprising av Otto Ruge.
General Otto Ruge (t.h.) i samtale med stortingspresident Carl Joachim Hambro ved Bispegarden i Tromsø på ein av de siste dagane før regjeringa vart evakuert frå Tromsø i juni 1940.
Foto: NTB scanpix
Professor i historie Tom Kristiansen har skrive ei skildring av livet til general Otto Ruge, den militære leiaren under felttoget våren 1940. I forordet kallar Kristiansen prosjektet ein biografi, men då ein biografi som sirklar rundt det som gjorde Ruge til ein kjend person i norsk ålmente, rolla han spelte som kommanderande general og forsvarssjef frå 11. april 1940. Og det er klart, andre verdskrig er det som gjer tida vår nysgjerrig på livet til Ruge.
Ruge spela ei avgjerande rolle for å få kong Haakon til å reise i eksil, mens han sjølv valde å bli igjen i Noreg. Han gjennomførte den militære kapitulasjonen og gjekk så i tysk fangenskap. Her blei han eit symbol på at dei norske styresmaktane ikkje hadde gitt seg, men førte krigen vidare frå framandt land. I mai 1945 vende han så tilbake. Han heldt fram i rolla som forsvarssjef, men trekte seg raskt. Som pensjonist heldt Ruge hus på Høytorp fort i Mysen, der han døydde i 1961.
Kulturhistorisk
Kristiansen gjer i forordet klart kva prosjektet hans er: å skrive ei livsskildring med krigserfaringa til Ruge i sentrum. Han peiker ut to interessante problemstillingar: Korleis Ruge forstod at andre verdskrig måtte knytast til ei nasjonal forteljing, og korleis Ruge mobiliserte «selve språket og sendte det i kamp». Den røynde krigs- og militærhistorikar Kristiansen opnar rett og slett for eit kulturhistorisk perspektiv på Ruges krigserfaring. Held han det han lovar?
Fyrst av alt: Kristiansen viser på ein god måte korleis og korfor Ruge kom til å sjå på forholdet mellom politikk og forsvar på ein ny måte før 1940. Han legg vekt på at Ruge var ein av dei fyrste i Noreg som skapte det vi i dag kallar tryggingspolitikk. Vidare kastar han lys over korleis Ruge under felttoget våren 1940 erkjente kor avhengig ein småstat var av hjelp utanfrå i ein krigssituasjon. Å sette ord på denne erkjenninga hos sentrale aktørar er særs viktig for å forstå korfor leiande norske politikarar etter andre verdskrig valde å gje slepp på nøytraliteten, for så å gå inn i ein vestvendt militær allianse. Det konkrete i denne erfaringa, slik det kjem fram under felttoget, er nyansert skildra hos Kristiansen. Også eit anna moment er verdt å framheve: korleis Kristiansen legg vekt på at Ruge åtvara mot å la seg freiste til etterpåklokskap. Akkurat det kan vera eit bilete på Kristiansens eiga forskargjerning, som uttrykk for ei verdifull forskarhaldning.
Røynd historikar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.