JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Biletet og eg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Selfie frå 1920.

Selfie frå 1920.

Selfie frå 1920.

Selfie frå 1920.

2770
20180112
2770
20180112

Har du stått framføre eit kjent kunstverk og kjent det krible i fingrane etter å fiske fram mobilen? Då er du i godt selskap. Sidan fotografiet vart oppfunne, har hangen til å ta såkalla selfiar vore der. Og med smarttelefonen har det teke heilt av. Nyvinningar vert gjerne snappa kjapt opp på kunstfeltet, og smarttelefonen er for lengst nytta som skapande verktøy for kunstnarar og som plattform for visning av kunst. Mange museum legg opp til bruk av mobil i utstillingsrommet. Med ein smarttelefon i handa kan museumsbesøket nå nye høgder – ein kan attpåtil besøke museum verda over gjennom ulike simulatorar. Her skjer det svært mykje spennande.

Men i denne artikkelen er eg gledesdreparen som ser på den mørke sida av smarttelefonen. Den prislønte britiske serien Black Mirror tek opp korleis vi lèt oss forføre av ny teknologi, som er så behageleg at vi lèt att auga for bieffektane. I Black Mirror møter vi geniale vidareutviklingar av vår tids nyaste teknologi, som etter kvart får svært uhyggelege konsekvensar. Serien er såleis ein brutal augeopnar.

Eit viktig tema når det gjeld kunstopplevingar, er nærværet: at ein er fullt ut til stades. Dersom ein tek til å grunde over kva ein skal ha til middag, kan ein like godt gå ut av museet. Til alle tider har det vore ei utfordring å legge frå seg andre tankar, og bygge opp nok fokus til at verket talar til deg.

Enno er smarttelefonen ny, men det er gjort noko forsking om korleis smarttelefonane verkar inn på korleis vi ser på kunst. Det er vel inga overrasking at studiane viser at stadig fikling med mobiltelefonen gjer oss langt mindre konsentrerte. Til og med når telefonen ligg i lomma, vert viljen til å konsentrere seg merkbart dårlegare. Også når testpersonane på førehand har bestemt seg for å ikkje ta telefonen sjølv om det ringer eller plingar. Endåtil om han var avslått, verkar han inn på konsentrasjonen.

Det vert også vanskelegare å ta med seg opplevingane frå utstillinga heim. Hjernen treng tid og rom for å overføre informasjon frå korttidsminnet til langtidsminnet. Ein studie frå Kungliga Tekniska högskolan (2013) viser at hjernen kan verte overbelasta av den konstante rykkinga frå trådane til omverda. Resultatet kan vere at du snart har gløymt korleis utstillinga var, same kor godt du likte henne.

Her vil du kanskje argumentere med at det derfor er smart å ta bilete av det ein ser. Ein studie ved Temple University (2013) målte nettopp om ein hugsa verka frå ein museumsrunde betre av å fange dei med kameralinsa. Overraskande nok kom forskarane fram til at testpersonane hugsa mindre av verka av å fotografere dei.

Så det er ingen veg utanom: Mobilen må leggast att i oppbevaringsskåpet på museet. Så kan du heller snike deg til ein selfie på veg ut.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis