Gjennom tidene har bildestormarar jamleg gått laus på kunstverk. Dei seinare åra har vi helst assosiert slik destruktiv verksemd med Taliban og IS. No vert statuar velta utanfor våre eigne stoveveggar, mange er kunstverk med store estetiske kvalitetar. Dette vert gjort utan særleg kritikk. Vert det ikkje for feigt å overlate slike drastiske endringar i byrommet til gatas parlament? Historisk sett har slike reinsingar aldri ført med seg noko godt.
Til dagleg arbeider eg på Justismuseet, eit museum for lov og rett. I utstillinga Brotet med rettsstaten er portrettbysta av NS-leiaren Vidkun Quisling sentral i formidlingsarbeidet. Bysta vart støypt i fleire eksemplar og plasserte landet over som eit sentralt maktsymbol. Då freden kom, vart storparten av nazismens kunst luka vekk. Nett denne bysta stod på rådhuset i Trondheim og vart redda unna. Først på nittitalet vart bysta funnen att i kommunearkivet og gitt til museet. Endåtil eit så problematisk verk som dette fungerer om det vert plassert i rett kontekst. Slik bysta av Quisling er stilt ut i dag, dannar ho ei viktig åtvaring mot fascistisk propaganda.
Det vert også for lettvint å tagge ned gamle statuar av personar som kan koplast til slavehandel. For dette er slett ikkje eit fenomen frå fortida. Ifølgje FN er meir enn 40 millionar menneske offer for moderne slaveri. Kva med å heller vende harmen mot dei som tener seg søkkrike på den skitne handelen no? Kva med å gå saman for å boikotte verksemder som skor seg på slavearbeid? Såleis kan vi gjere ei endring for menneske som har det vondt i år 2020.
I staden for å rive ned det som står, vil det ikkje vere meir fruktbart å diskutere kva for monument vi ønskjer for tida framover?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.