Biel sjakkfestival, 21. juli – 1. august 2018.

Carlsen spela med eit janusandlet i Biel, frå det heilt geniale til nesten total kollaps.

Då Carlsen i andre halvdel av turneringa måtte vinna mot Mamedjarov med svart i runde 9, gjekk det heilt gale.
Då Carlsen i andre halvdel av turneringa måtte vinna mot Mamedjarov med svart i runde 9, gjekk det heilt gale.
Publisert

Magnus Carlsen (27) demonstrerte i sumar visdomen som alle menneske kjenner: Etter sol kjem regn. Det er eit mønster: I mange år har Carlsen byrja turneringane litt roleg, men stått øvst på resultatlista til slutt. I Norway Chess i juni og sveitsiske Biel no i juli byrja han fantastisk, men fall ned mot slutten. Det er visst vanskeleg å halda motivasjonen og konsent­rasjonen på topp kvar einaste dag. For å seia det med ein kinesisk sjakkmetafor: Livet er litt «yin-yang». Men frå verdsmeisteren krev ein noko ekstra, helst det umenneskelege.

Turneringa i Biel har eit interessant format med berre seks spelarar, men heile ti rundar. Arrangøren skapa ubalanse i det vesle feltet ved å invitera fire verdsklassespelarar, ein lokal Prügelknabe og eit sjarmerande, autistisk reknegeni som minner om Dostojevskij-figuren fyrst Mysjkin.

Genialt (yang!)

Mot reknegeniet, tsjekkaren David Navara (33), vann Carlsen 1O–O. Sigeren med kvit i fyrste runde var genial. Carlsen skjøna at stillinga ved korrekt spel ville enda i remis, og ofra heilt uventa dronninga for eit tårn og ein springar.

Carlsen–Navara, runde 1. Svart i trekket.

Den materielle ubalansen auka sjansane for at tsjekkaren skulle gå seg vill i variantane, slik Kafka gjekk seg vill i byråkratiet. Den eine timen tok den andre. «Navara spelar som Kafka», sa ein kommentator. «Var det Kafka som sa at meininga med livet er at det tek slutt?» spurde ein annan. «Det gamle husværet til Kafka i Praha er teke over av Burger King», sa ein tredje. Etter seks timar vann endeleg Carlsen maratonpartiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement