Teater
Bia, blomsteren og mannen
Testosteron er originalt, om ikkje heilt gjennomtrengeleg om mannskrisa.
Skodespelar Frank Havrøy og ensemblet Traktor med musikarane Johannes Skyberg, Nora Hannisdal, Gunnar Flagstad, John Ivar Knutzen, Kristin Fyrand Mikkelsen og Elisabeth Maria López Wulfsberg gjesta Heddadagane med framsyninga frå Teater Innlandet.
Foto: Gisle Bjørneby
Til dei mykje omtala Heddadagane, der teater frå siste sesong rundt land og strand vert mønstra i Oslo, er framsyninga Testosteron no presentert på Centralteatret. Stykket er ein kombinasjon av monodrama for ein mann, songar og skodespelar Frank Havrøy, og musikkdramatisk verk for eit lite orkester. Ensemblet Traktor, som står for den musiserande biten, er eit knippe klassiske musikarar som har funne ein eigen nisje i scenisk samtidsmusikk. Dei to aktøreiningane, skodespelar og orkester, byrjar med å avløyse kvarandre, men går etter kvart i dialog med kvarandre, så skodespelaren tidvis vert songar, og musikarane tidvis vert skodespelarar. Det er ei uføreseieleg og original teaterhending, ramma inn av fengande, ypparleg framførte komposisjonar.
Identitet
Mykje kviler her på energisprøyta Frank Havrøy, som gjennom ein indirekte appellerande tekst, med mange svingar og sidevegar, både i tale og song skal formidle noko om den notidige, mellomaldrande mannens identitetsjakt og ditto -krise.
I starten vart vi kanskje litt skeptiske, i opninga på noko som kunne sjå ut som eit nytt sjølvbiografisk standupshow. (Dei har vi snart fått nok av for ei stund.)
Men etter kvart som denne mannen tek til å fortelje lidenskapeleg om albatrossens enkle og dominante kjærleiksliv, er vi med på reisa frå det generelle til det personlege. Her kjem retteleg ein del morosame, kvikt formulerte poeng i pingpongspelet mellom skodespelar og orkester.
Form
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.