Betre utan merkelapp Nært og personleg om å oppdage sin eigen styrke. UngdomsromanAnne Fiske:Elven Cappelen Damm

Nært og personleg om å oppdage sin eigen styrke.

Publisert

Ein gong berga Anna Fiske ein mann frå å drukne i ei elv. Den sjølvopplevde hendinga har inspirert henne til å skrive ungdomsromanen Elven, som er nominert til Brageprisen.

Tenåringen Helena kjenner seg usynleg og trur at dei andre tek henne for gitt. I timane med kunst og handverk er det annleis. Læraren får ikkje fullrost henne, Helena er ei stjerne.

Sjenansen og utanforskapet, talentet og det gryande motet – kjensleregisteret er truverdig og lett å kjenne seg att i.

Illustrasjonane er enkle og uttrykksfulle, til dømes ved at håret til Helena først skjuler ansiktet. Når ho torer å ta større plass, ser vi stadig meir av fjeset. Følelsane kjem tydeleg fram i den nøkterne streken.

Forteljinga har eit edelt motiv: Når Helena bergar mannen frå drukningsdøden under isen i elva, oppdagar ho kor sterk ho er. Styrken kan ho bruke til å setje grenser, ta sjansar og få eit betre tilvære.

Utfordringa er at dette ikkje kjem tydeleg fram. Fleire parallelle forteljingar uroar. Med store tomrom og open slutt vert det krevjande å vere ung, urøynd lesar i denne teksten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement