Betre konsert enn teaterstykke
Bowie-musikalen fengslar så lenge dei syng.
Joachim Rafaelsen er strålande i rolla som David Bowie. Mimmi Tamba i bakgrunnen.
Foto: Erik Berg
Den store stjernestatusen og mangfaldige evnerikdomen til ikonet David Bowie er det ingen grunn til å setje spørjeteikn ved. Er det nokon som lever etter sin død, er det vel han. Ein ustanseleg desperasjon var det på eit vis over heile livsverket hans, i song etter song, og i utsjånaden og stilen hans. Han hadde det typisk strenge, kontrollerte britiske over seg og samstundes eit eksplosivt kunstnarleg uttrykk. Det er såleis ikkje utypisk at musikalen som no nærast er testamentet hans, nett handlar om ei uroleg sjel, ei sjel som vil heim. Musikalen Lazarus er eit etterspinn av romanen og filmen The Man Who Fell to Earth, som handlar om ein mann, eit romvesen, som er fanga på jorda og lengtar attende til planeten han kom frå.
Storsatsing
Det Norske Teatret har satsa stort på noregspremieren på Lazarus. Her er det skodespelarar med gull i strupen, eit framifrå sjumannsorkester og eit til dels overveldande visuelt sceneshow. Mykje spel går føre seg i avanserte videoinstallasjonar, og koreografien til Belinda Braza har nett den rette rytmen musikken legg opp til. Den største utfordringa for regissøren Anders T. Andersen har tydelegvis vore å få musikken og skodespelet til å stemme overeins. Dei scenene der det lukkast best, er dei som er dominerte av hovudpersonen, som Joachim Rafaelsen gjer med ei imponerande Bowie-maskering. I det heile ein strålande prestasjon av Rafaelsen.
Resten av ensemblet hamnar diverre i eit heller inkjeseiande mellomstadium, av di korkje rollefigurane eller situasjonane vert tydelege nok. Det er sjølvsagt òg eit problem at dialogen er på norsk, medan songane er på originalspråket. For dei av oss som ikkje kjenner Bowie-tekstane på fingrane, vert dette spriket i innhald for stort. (Dette problemet synte seg òg i oppsetjinga av Woyzeck, med Tom Waits-songar, som Det Norske Teatret gjorde for nokre år sidan. Det er ei krevjande musikkteaterform å gjere på andre språk.)
Konserthylling
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.