Bok
Beskyttelse og skade
Torborg Igland har gjeve stoffet ei konsekvent, gjennomarbeidd språkleg form.
Torborg Igland bur i Grimstad og har tidlegare skrive barne- og ungdomsbøker.
Foto: Asle Jøssang
Torborg Igland (f. 1967) har tidlegare skrive barne- og ungdomsbøker, men i haust debuterer ho som lyrikar med Ingen av oss kommer tilbake. I diktboka kjem forholdet mellom det vaksne eget og eit barn i søkjelyset. Alt i det første diktet kjem noko illevarslande til syne: «Hver natt drukner jeg i drømmer/ om barn som forsvinner/ om brennende hus/ og om vegger av vann».
Dikta handlar om å oppsede eit barn, om å beskytte det, om gjere barnet i stand til å klare seg i verda. Frå den vaksne si side handlar dette ansvaret om forplikting og omsut. Men valden og øydelegginga gnurar og trugar i kantane, i ymta om miner og krig, noko som gjer at horisonten for desse dikta fortaper seg i vonløyse: «Du har fått en nedgravd sønn i gave/ og en datter som forsvinner». Pessimismen kan også avlesast i tittelen: Ingen av oss kommer tilbake.
Heilskapleg form
Ei diktbok består sjølvsagt ikkje berre av innhaldsmoment. Boka er komponert slik at ein les diktsekvensane i samanheng, og Igland har gjeve stoffet ei konsekvent, gjennomarbeidd og heilskapleg språkleg form. Motiv går att, som «morgenfuglen», «den svarte fuglen» og «soldaten», og bind dikta saman.
Her finst få språklege utbroderingar. Språket er gjennomgåande enkelt, konkret og sanseleg. Sjølv om det finst bilete og biletsekvensar, ber språket preg av å vere mynta på barnet, mellom anna når det lyriske eget handgripeleg syner fram verda: «Dette er en hånd/ dette er en skål med vann/ dette er ild/ og her er en kniv». Det er ein kvalitet at tonen i dikta, som er lys, vert motsagd eller moderert av det som vert sagt. Dikta kan lesast på eit nokså konkret plan.
Men å tenkje at dikta set i scene barnet som ein språkleg figur, er også mogleg: Som omgrep kan barnet per definisjon ikkje bli vaksen, for då er det ikkje eit barn lenger. Og det er paradoksalt å ruste barnet til ein annan tilstand, som bidreg til at barnet, som ein har sånn omsorg for, forsvinn. Les ein diktboka med dette perspektivet, vil pessimismen som først prega diktsekvensane, svekkast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.