Berre for dumt

Endå eg elskar Harry Dunne og Lloyd Christmas høgt, kan sjølv ikkje djup kjærleik berga oppfølgjaren til klassikaren Dum og dummere.

Publisert Sist oppdatert

KOMEDIE

Regi: Peter og Bobby Farrelly

Dum og dummere to

Med: Jim Carrey, Jeff Daniels, Kathleen Turner, m.fl.

Det har gått tjue år sidan Lloyd (Carrey) og Harry (Daniels) kom tilbake frå den mislukka koffert-returneringa si i Aspen. Harry treng ei nyre, og for å få tak i ei lyt dei to finna resterande familie som kan forsyna han med dette. Og så tek dei opp att så godt som alle scenene i den fyrste filmen, berre med nye framkomstmiddel og nye motellbadekar. Til og med replikkane er resirkulerte.

Dum og dummarare

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement