Teater

Berre delvis vellukka storsatsing

Småmorosam musikalsk historiespel laga etter malen «alt er lov».

Harald Hårfagre (Kaada) og Gyda (Wang) på Rogaland Teater.
Harald Hårfagre (Kaada) og Gyda (Wang) på Rogaland Teater.
Publisert Sist oppdatert

«Skrønike» har dei ansvarlege for denne framsyninga kalla det, og ei dryg skrøne er det blitt. Ein musikal om korleis Harald Hårfagre (teatersjef Glenn Andre Kaada) samla landet, med utgangspunkt i frisørhovudstaden Stavanger anno sånn cirka 860–872.

Prosjektet hans med ikkje å klippe håret før landet er samla, dannar mote, med det til følgje at ei stor og viktig frisørnæring er truga av konkurs. Som om ikkje den mordlystne rikssamlaren hadde nok å stri med frå før! Som det ofte var med kongsemna på den tida, har heller ikkje Harald full oversikt over ætteboka, men det meste ordnar seg til slutt for både han og frisørkjærasten Gyda (Mareike Wang). Elles markerer Kim Fairchild seg med friskt komediespel og framifrå song.

Til den påkosta storsatsinga i høve Rogaland Teaters 75-årsjubileum er det ikkje spart på noko, men manuset er ikkje betre enn det treng vere. Trass i dans og song og speloppar, «folkeleg» humor, oppfinnsame anakronismar og eit og anna velretta spark til naboar i nord og især i sør, hever historia seg berre innimellom over det småmorosame. På plussida kjem mellom anna at kongsemnet held seg med kommunikasjonsrådgivarar eller spinnedoktorar, men dette poenget kunne blitt langt betre om dei hadde fått gode nok replikkar og idear.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement