Bergen noir

Maria har eit vanskeleg år.
Maria har eit vanskeleg år.

Stemninga er mørk og skuggelagd i den nye teikneserieroman til Ane Dahle Øverbye. Ho debuterte med ein smell i 2015. Albumet Hundedagar vann prisen «Årets teikneserie» og fekk varm mottaking. Etter tre år kjem «den vanskelege andreboka».

Maria studerer kunsthistorie på Universitet i Bergen, bur i kollektiv og jobbar deltid på eit kjøpesenter. Vi fylgjer henne gjennom eit år der ingenting fungerer som det skal. Maria har det ikkje godt.

Stadig fleire unge rapporterer om psykiske vanskar. Ein av fire studentar kjenner seg deprimerte. Mange tyr til rus og sjølvskading, slik som Maria. I ein mjuk, mørk strek ser vi henne flakke med blikket, snu seg ut av biletet, trekke seg unna handlinga og livet.

Ho møter ikkje til forelesing, ho går ikkje på jobb. Dess meir festing og tilfeldige forhold blir det tid til.

Persongalleriet er lite – to venninner, ein lege, ein lærar og to partnarar – og dialogen er sparsam. Dei har ikkje språk for sjukdommen. Kontrasten til dei detaljrike teikningane er stor, her er lidinga sanseleg og uttrykksfullt skildra. Fleire oppslag er utan ord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement