Musikk
Beine tonar
Sander Tingstad søkjer folkemusikken bak kunstmusikken.
Fiolinisten Sander Tingstad spelar både klassisk og folkemusikk.
Foto: Raymond Engmark
Sander Tingstad er ein av våre unge fiolinistar med både klassisk og folkemusikalsk bakgrunn som nyttar sin doble kompetanse til å tolka gamle verk på nye måtar. Etter at Ole Bull og Edvard Grieg lyfte fram folkemusikken i andre helvta av 1800-talet, var det lenge den nasjonale lina som prega vårt klassiske musikkliv. Dette blei formulert som estetisk program, men synest òg å ha fungert som ein slags bransjestandard for komponiststanden. Grieg formulerte det slik: «Folkemusikken må holdes oppe, ren og ægte, for den skal danne grunnlaget for all fremtidig tonediktning i Norge.»
Komponistane nytta tradisjonsmusikken ulikt. Somme tok utgangspunkt i autentiske folkemelodiar. Andre ville heller fanga essensen i tradisjonsmusikken, utan å sitera faktisk folkemusikk. Som Geirr Tveitt, ein av dei mest radikalt nasjonale komponistane våre i mellomkrigstida, formulerte det i føreordet til 12 tvorøystes fyristudiar for klaver i 1930: «Desse er ikkje tilskipingar av slåttar elli folkevisur, men komposisjonar som i æstetiken deira til fullnads er tufta på folkemusikken vor.»
Kvikke ornament
Tingstads debutalbum heiter Opphav, ein tittel som fungerer som programerklæring. Han tykkjer verk ofte blir tolka for likt, og nyttar difor folkemusikalsk spelestil i tilnærminga si til norsk klassisk musikk. Det største og mest kjende på plata er Sonate for fiolin og klaver nr. 2 i G-dur, op. 13, Griegs «norskaste» fiolinsonate. Med seg har han pianisten Ingfrid Breie Nyhus, som har lang røynsle med folkemusikk på klaver.
Resultatet kling friskt og nytt. Det fyrste ein merkar seg i opningssatsen, er den litt «skeive» intonasjonen i fiolinen, den kvikke måten ornamenta blir spelte på og den beine, vibratolause klangen. Slikt kjenner me att frå folkemusikken – og til ein viss grad frå barokkmusikken.
Klangkontrasten mellom fiolin og klaver er likevel stor. Uansett kor fritt og fleksibelt Nyhus fraserer og «slankar» Griegs saftig-romantiske harmonikk, er det jo ikkje mogleg å endra den polerte klangkvaliteten i flygelet stort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.