Musikk

Barnetrua

Under Masaaki Suzuki kling Brahms’ rekviem meir inderleg enn monumentalt.

Kolorert tresnitt frå den fyrste fullstendige Luther-bibelen frå 1534.
Publisert Sist oppdatert

Bach Collegium Japan er fyrst og fremst kjent for Bach-tolkingane sine. Over innspelingar av Mozart og Beethoven har koret og orkesteret no nådd fast romantisk grunn, med Johannes Brahms’ store «Tyske rekviem». Men sjølv om denne musikken blei til over hundre år etter Bach, står dirigenten Masaaki Suzukis musikalske tilnærming i tydeleg gjeld til den barokkmusikken han eigentleg er ekspert på.

Det som gjer Brahms-tolkinga hans spesiell, er fokuset på tekstlege og satstekniske detaljar, med uhindra flyt i den fleirstemmige veven.

Ingen FN-hymne

Ein deutsches Requiem, op. 45, blei til etter at Brahms’ mor Christiane døydde i 1865. I februar det året fekk han telegram frå bror sin om at ho hadde hatt slag. Han ilte heim til Hamburg, men rakk ikkje å få ta avskil. Fortvilinga sette han i kjenslemessig kontakt med den barnetrua han var oppseda med i heimen; han bladde og las febrilsk i dåpsbibelen sin frå 1833. Innan april var dei fyrste tre satsane av rekviemet fullførte, baserte på sju sjølvvalde utdrag frå gamle- og nytestamentet.

Dei fleste omtalar av Brahms’ rekviem lyfter fram allmennmenneskelege sider ved bibelversa. Det som ofte blir kalla «humanistiske» aspekt ved tekstane, blir poengterte, somme gonger så einspora at ein skulle tru det var ein FN-hymne ein hadde føre seg.

Suzuki, sjølv ein prak­-ti­­serande lutheranar, lèt til å gå i motsett retning. Som det står i omslagsteksten til albumet, er det dei djupt spirituelle, om enn individuelle, innsiktene Brahms oppnådde gjennom sjølvstudium av Luthers bibelomsetjing, som kjem til uttrykk i verket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement