Film
Barnebragder
Nyansar gjev ein spennande, litt stivbeint barnefilm frå krigen livets rett.
Då eit syskenpar finn to jødiske barn i kjellaren under andre verdskrigen, vil dei hjelpe dei over svenskegrensa.
Foto:
Gerda (Skarholt) er ein fantasifull tiåring med hjarte på rette staden, som leikar musketer medan broren (Lindquist-Ellingsen) leflar med den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Ho er ikkje imponert. Då foreldra blir tekne av politiet, finn syskena to jødiske barn i kjellaren. Gerda vil gje alt for å hjelpe dei to til Sverige.
Den norske appetitten på filmar om Krigen med stor K er endelaus, i sterk kontrast til refleksjonsnivået som plar prege produksjonane våre. Eg møter ofte nye bidrag med surmaga skepsis. Difor er det til glede når ein konvensjonell og likefram film som er tilpassa smårollingar, maktar å få fram nokre nyansar som set Max Manus og Den 12. mann i skuggen. Det skal ikkje mykje til. Ein NS-nysgjerrig gut kan ha noko godt i seg. Ein tysk soldat kan vere vennleg innstilt til å la barn vere i fred. Mot og svik kan skjule seg i både barn og gamle damer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.