Film
Barn leikar best
Denne varme japanske teiknefilmen er ein fin inngang til store samtalar med dei små.
Totto-Chan er ein livleg sjuåring.
Foto: Storytelling Media
Sjuåringen Totto-Chan er ei fri sjel. Alle på den strenge offentlege japanske skulen er konstant rysta over alt ho seier og gjer. Heldigvis flyttar ho til ein friare skule.
Rektor Kobayashi er grei. Elevane lærer om natur og musikk. Leik er sentralt. Alt er kjekt. Ho blir venn med ein gut med polio som er utanfor. Året er 1940. Nasjonalistisk og militær retorikk gror.
Fri utanfor
Totto-Chan, den lille piken ved vinduet er basert på memoarboka til Tetsuko Kuroyanagi, om erfaringane hennar som barn under den andre verdskrigen. Vi ser verda frå auga til vetle Totto-Chan. Dei er store av undring og glede.
I verda hennar er alt spennande. Å vere billettør på jernbanestasjonen verkar som ein draum. Gatemusikantar er eit mirakel. Entusiasmen er enorm. Jenta er skamlaus. Det er vakkert. Vennskap og det å vere annleis er nærast faste punkt i familiefilmar. Så også her.
Tung prat
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.