Musikk
Balsam
Kollektivet Beiggja rular.
Beiggja er (frå venstre): Kjetil Mulelid, Per Oddvar Johansen, Kika Sprangers og Mats Eilertsen.
Foto: Helge Brekke
Den 21. og 22. februar i fjor samla desse fire musikarane seg heime hjå Per Oddvar Johansen i Sleaskjulet i Lommedalen. Dei hadde med seg eit tital låtar. Dei sette i gang opptakaren og lét det stå til. Resultatet kan ein høyra på utgjevinga Morning. Framgangsmåten er ikkje uvanleg innan jazzen, og jazzsoga kan visa til vellukka musikalske resultat av ei slik tilnærming. Vellukka blei også det to dagar lange samspelet i Lommedalen.
Vunne fleire prisar
Dei tre norske musikarane treng ikkje inngåande presentasjon. Den nederlandske saksofonisten Kika Sprangers (1994) frå Nijmegen har på kort tid skapt seg eit namn både som instrumentalist, bandleiar (Kika Sprangers Quintet, Large Ensemble og strykeensemblet Pynarello, pianist Wolfert Brederode og trommeslagar Jasper van Hulten) og komponist. Etter platedebuten Human Traits (2019) har ho turnert mykje og vunne fleire prisar. Ho har norske Mette Henriette som førebilete, og spelet hennar tyder på at ho har høyrt ein del på Charles Lloyd.
Sprangers har skrive fem av dei ti låtane, éin i samarbeid med Johansen, som har signert den folkemusikkinspirerte tittellåten i tillegg. Kjetil Mulelid har skrive den ganske frie «Love Story» og den jagande, groovy «Encore» med det eteriske temaet framført av Sprangers på sopransaksofon. Mats Eilertsens bidrag er den rapsodiske «Tuvals» med eit stenk av George Gershwin.
Kontemplativ
Musikken på plata er i stor grad kontemplativ, stemningar og skiftande lydlandskap har forrang føre puls og groove. Særleg låtane til Sprangers bidreg til dette heilskapsinntrykket. Musikken er likevel fylt av spenning ved at kompet riv og slit i saksofonlinjene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.