Bok
¿ Balanserer på grensa
Dei sju dørene er småspennande, men kanskje litt for opplagd.
Agnes Ravatn skriv om ei forsvinning i den nyaste romanen sin.
Foto: Marius Viken
Lytt til artikkelen:
Uttrykket «my house is my castle» – «min heim er mi borg» – kjem frå eit engelsk rettsdokument på 1600-talet som skulle sikre at ein heim ikkje blei krenkt. Agnes Ravatns nye roman Dei sju dørene startar med at huset til Nina og Mads vert ekspropriert for riving – ei særs brutal form for krenking, for huset og for dei som bur der.
Romanen handlar om husvære og om konsekvensane av å mista tryggleiken i ein heim, leigd eller eigd. Nina og Mads bur i Bergen, og den aktuelle og omstridde utbygginga av Bybanen set handlinga i gang. Gjennom nokre seinhaustveker veks ekspropriasjonshistoria til ei krimgåte med uhyggelege konsekvensar. Den banale bekymringa rundt flytting og husjakt akselererer og blir ei utforsking av fortid, forteiing og falskneri. Den borgarlege idyllen historia er plassert i, sprekk, og dei veltilpassa og velutdanna figurane viser mindre danna sider ved seg sjølve.
Mysterium
Nina, universitetsprofessor i litteraturvitskap, er hovudperson. Mads er lege og helsebyråd. Det er legar og psykologar i næraste familie. Dramatikken startar tilforlateleg på nærast komisk-burlesk vis: Dottera har fått skjeggkre i bustaden sin og er dessutan gravid med barn nummer to. Ho treng noko større og får med seg mor si for å sjå på ein av dei andre bustadene familien eig. I huset bur leigetakaren Mari Nilsen, ei ung aleinemor. På framfust vis trampar dottera inn og nærast okkuperer hus og leigebuar, ikkje minst verbalt. Få dagar etter har Mari flytta ut. Etter kort tid vert ho meldt sakna.
Nina er den som blir mest involvert, dels av dårleg samvit av di dottera var så direkte mot den unge kvinna, men òg av ein undertrykt trong til å få bruke det ho kan: finne mønster i forteljingar og tolke underliggande motiv. Tidleg i boka har ho, ikkje heilt planlagt, sagt offentleg at litteraturvitarar burde arbeida i politiet. Den aktive innsatsen til Nina, i kontakt med Maris foreldre, praktisk plassert der Nina eig ei hytte, og eksmannen, som akkurat har flytta til Bergen, gjer henne til ein pådrivar. Ved juletid, når mange er samla, fell brikkene på plass, som i ein klassisk kriminalroman.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.