Balansekunst
Aimee Manns niande album står ikkje tilbake for dei tidlegare platene hennar.
Songpoeten Aimee Mann skildrar mindre lukkelege stunder.
Aimee Mann, ein påliteleg songpoet når det kjem til å skildre livets mindre lukkelege stunder, er tilbake med Mental Illness, eit knippe nye songar som vil leve opp til forventningane til dei kresne lyttarane hennar. Lyttarane har nemleg vorte vande med høg kvalitet, ikkje minst med omsyn til tekstane til Mann. Karakteristikken frå Nick Hornby i The New Yorker for nokre år sidan held seg godt: «simple, direct, sweet, resonant», skreiv han, og meinte at mange av romanane han fekk i fanget, ikkje heldt same litterære nivå som songane til Mann.
Dramatisk ironi
I ein Mann-song heiter det ikkje «du elskar meg ikkje lenger», innsikta må ramme hardare enn det, som i: «du har aldri elska meg» («You Never Loved Me»). Mennesket som kjenner seg litt for ovanpå, får melding om at «det hadde vel vore topp om livet gjekk som planlagt, hadde det ikkje?» Men niks, snart snur det seg, du veit det berre ikkje enno («Patient Zero»). Mann er god på etterpåklokskap og dramatisk ironi, utan at songane hennar nokon gong får baske seg i skadefryd.
Eg er neppe åleine om å ha komme over Aimee Mann for første gong då songen «Save Me» dukka opp i den magiske sluttsekvensen i Paul Thomas Andersons Magnolia (2000), eit storverk som visstnok alt i utgangspunktet skal ha vore inspirert av songane hennar – Anderson skreiv fleire verseliner inn i dialogen i filmen.
Folkrockinspirert
Mental Illness er Manns niande studioalbum, og det har gått fem år sidan førre utgiving, Charmer (2012). I intervju har ho nemnt folkrockplater frå 1960- og 1970-talet som inspirasjonskjelder, og gjengen ho har med seg, har verkeleg hjelpt henne å treffe det uttrykket ho var ute etter. Mannskapet rommar Jonathan Coulton på akustiske gitarar og kor, Jay Bellerose på trommer, Jamie Edwards på piano og Ted Leo på kor. Co-låtskrivar John Roderick og produsent Paul Bryan står bak dei fine strykearrangementa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.