JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Båe sider, no

Denne perspektivrike og nyanserte filmen frå Vancouver er vakker, vond og vellukka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen om eit valdeleg forhold er basert på ei sann historie.

Foto: Another World Entertainment

2431
20200207
2431
20200207

DRAMA

Regi: Elle-Máijá
Tailfeathers og
Kathleen Hepburn

The Body Remembers When the World Broke Open

Med: Violet Nelson, Elle-Máijá Tailfeathers, Charlie Hannah

Áila (Tailfeathers) kjem ut frå gynekologen og finn Rosie (Nelson) berrføtt, forslått og klissvåt i regnet. Typen skrik frå andre sida av gata. Saman går kvinnene av garde raskast råd i ei djupt nervepirrande fluktscene. Resten av dagen følgjer vi dei to i ein tilsynelatande einaste, fengslande sekvens der dei drøftar vegen vidare.

Feministform

Handhalde kamera og grovkorna 16mm-film gjev ein dokumentarisk effekt. Dette er sosialrealisme utan pusterom, men med tid til å tenkje. Regissøren Elle-Máijá Tailfeathers spelar ein figur som verkar ha mykje til felles med henne sjølv, halvt samisk og halvt kainai frå svartfotfolket, heilt og fullt middelklasse med høg kulturell kapital og sunt feministisk vett. Ho spelar skikkeleg bra, men hamnar i skuggen av Violet Nelson, som spelar Rosie med all ambivalensen mellom styrke og sårbarheit som trengs for ei truverdig skildring av ei kwakiutlkvinne langt nede på den sosiale rangstigen.

Mange års røynsle med mistru til staten gjer at ho reknar med å måtte stå i stormen sjølv. Dei to er eit radarpar. Med bustad få kvartal frå kvarandre og sterkt medvit knytt til urfolksbakgrunn kjem dei frå to heilt forskjellige verder.

Utgangspunktet er perfekt for å spreie innsikt om nyansane som gøymer seg bak klare kontrastar, pluss likskap knytt til å vere kvinne. Filmen er eit komplekst feministisk verk.

Lang sikt

Tittelen siktar kanskje til at kroppen til Áila òg har minne om ein gong verda opna seg. No er ho ei velkledd dame, med Joni Mitchell på vinyl, som er kvitare enn overvektige og ustelte, gravide Rosie.

Kostymedesign av klasse viser seg i rulleteksten å vere av osingen Stina Lunde. Eit heilskapleg uttrykk gjev grobotn for tankar om offer og aktørar, fellesskap og sosiale skilje. Denne veka har eg sett to filmar om vald som ser ut som éi taking. The Body Remembers When the World Broke Open er mest aktuell, tankevekkjande og velspelt, ei hestelengd framom storslagne 1917. Eg tilrår å våge seg på ein liten film med lang tittel, som kjem til å sitje i sinn og kropp lenge.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis