Musikk

Bachs mest monumentale

Solomon’s Knot imponerte på ny.

Solistane i Solomon’s Knot song Matteuspasjonen utanboks.
Solistane i Solomon’s Knot song Matteuspasjonen utanboks.

Matteuspasjonen, BWV 244, er Bachs mest monumentale verk, både i lengd (150 minutt) og besetning (høvesvis to kor og orkester, i tillegg til song­solistar). Stykket, som blei urframført i Thomaskyrkja i 1727, er for meg høgdepunktet i heile den protestantiske kyrkjemusikken. Den kontemplative og kjenslemessige djupna er utan sidestykke i Bachs livsverk. Å oppleva ei god tolking av opningssatsen «Kommt, ihr Töchter, helft mir klagen» (Kom, døtrer, hjelp meg å klaga), der dei samanvovne melodiane stig sakte opp or bassens pulserande djupn og gradvis fyller heile kyrkjerommet med vemodsklang – slikt gjev kjensla av å vera vitne til det opphøgde og fullkomne.

Framføringa til Solomon’s Knot kjem eg seint til å gløyma. Fyrste gongen eg høyrde dei, var under Bachfest i 2016, der det spesielle nærværet deira på scena blei ei skilsetjande oppleving. Dei kallar seg eit «barokkollektiv», for dei har ingen dirigent. Å halda samspelet i orden utan ein leiar i eit verk som Matteuspasjonen, er imponerande. Solistane syng òg alt utanboks, merksemda deira er difor alltid retta mot publikum.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement