Musikk

Avslutningskonserten

Ton Koopman er framleis ung til sinns.

Ton Koopman dirigerer Bachs Messe i h-moll i Thomaskyrkja, på orgelpodiet der Bach i si tid sjølv dirigerte.
Publisert

Optisk er ikkje Ton Koopmans dirigering særleg tiltalande. Hendene går i rykk og napp, ofte langt over hovudet og ut til sida, som om han viftar bort ein veps. Men dei musikalske intensjonane har ikkje orkesteret og koret hans noko problem med å oppfatta, for sjølv om tolkingane hans av eitt og same verk ser ut til å variera frå konsert til konsert, fylgjer musikarane tankane hans nøyaktig.

Nederlendaren Koopman er den viktigaste attlevande pioneren innan historisk framføringspraksis frå 1960- og 70-åra, i tida då tidlegmusikken framleis var ein smal nisje innan klassisk musikkliv. At 80-åringen framleis eig den nyfikna og spontaniteten me kjenner frå dei gamle innspelingane hans, merka me på Bachfests avslutningskonsert i Thomaskyrkja, der Bachs mektigaste kyrkjemusikkverk Messe i h-moll, BWV 232, var å høyra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement