Kunst

Avansert teknologi finn form som kunst

Ein robot som genererer kunstnarlege idear. «Predective Art Bot» av kunstnarduoen Disnovation.org.
Ein robot som genererer kunstnarlege idear. «Predective Art Bot» av kunstnarduoen Disnovation.org.
Publisert

I år er femte gong biennalen for kunst og teknologi vert arrangert i Trondheim. Meta.Morf er ein av dei største kunstfestivalane i landet, og har aldri vore så omfattande som i år. I biennaleperioden vert det vist ei rekke utstillingar spreidd utover byen. Det er også konsertar, filmvisningar og konferansar. Meta.Morf har lukkast godt med å verte ein møtestad for nytenking kring teknologi og kunst. Arrangementa trekker store mengder teknologiinteresserte frå heile verda.

Meta.Morf er leia av Trondheim Elektroniske Kunstsenter (TEKS), og er ei vidareføring av festivalen Trondheim Matchmaking, som vart arrangert årleg i perioden 2002–2009. Biennalen har hatt gode vekstkår i Noregs teknologiske hovudstad. Også kunstmiljøet i Trondheim har lange tradisjonar for å ha stor interesse for teknologi. Alt i 1988 vart det oppretta ei intermediaavdeling på Kunstakademiet i Trondheim.

Ei mangfelt utstilling

Utstillinga tek i bruk alle romma i første etasje av Gråmølna. Her er tre store installasjonar, fleire videoverk og rørlege objekt. Teknologien fascinerer, nokre av verka reagerer endåtil på publikum, og det oppstår ulike former for kommunikasjon som er vel verde å utforske. Èin installasjon er konstruert til å utvikle utgangspunkt for kunstaktivisme. Verket kan sjåast på som eit første steg mot å erstatte den skapande kunstnaren med ei maskin. Dette verket dannar harmlause, ofte vittige setningar, men kva om dei utarbeider betre algoritmar? Vert menneska i så fall like underlegne som endåtil dei største sjakkmeistrane er når dei spelar mot ein sjakkcomputer?

Kunstnarar har til alle tider vore raske til å ta i bruk tekniske nyvinningar, så vel som å stille spørsmål ved dei. Ifølgje den amerikanske analytiske filosofen Willard V. O. Quine er alle vitskapane å likne med ballar som svevar ikring i omverda. Ytst ligg tema som kjem i kontakt med omverda, men går ein inn mot kjernen, kjem ein inn mot eksistensielle spørsmål. Slik er det også med denne utstillinga.

«Tenkaren» anno 2018

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement