Attfunnen modernist

Medan ho levde, markerte Eva Bull Holte (1922–1993) seg som målar og grafikar. I dag er ho ukjend for dei fleste.

Eva Bull Holte: «Det lysner – The new forest», ca. 1971.
Eva Bull Holte: «Det lysner – The new forest», ca. 1971.
Publisert Sist oppdatert

Trass i at ho jamleg stilte ut på større museum og galleri, også i utlandet, og endåtil er innlemma i samlingane til Nasjonalmuseet og Kode, fekk ho ikkje plass i forteljinga om den norske kunsthistoria. Dette er ein lagnad mange dyktige kunstnarar deler. Anerkjenning i samtida er slett ingen garanti for at ein vert hugsa av ettertida.

Eva Bull Holte har endåtil eit eige museum i Seljord, der ein kan sjå kunsten hennar i sommarsesongen. Verka i utstillinga ved Haugar Kunstmuseum er valde ut frå den omfattande samlinga til dette museet. Det er eit svært viktig arbeid slike små museum gjer. Trass i innsatsen som vert lagd ned her, er heller ikkje dette tilstrekkeleg.

Det som krevst, er at dei store og anerkjende musea trør til. Og no har Haugar Kunstmuseum løfta Holte fram. Dei har laga den største særutstillinga av henne som nokon gong har vore vist i eit større museum. Alle salane i første etasje er fylte med fargefunklande verk. Her får dei besøkande fin oversikt over ulike fasar i eit aktivt kunstnarliv, frå Holte for alvor tok til å stille ut i 1948 og framover i tid, heilt til 1992, året før ho døydde. Museet har også gitt ut ei bok om kunstnaren med fleire innsiktsfulle kunstfaglege tekstar.

Det er slett ikkje kvardagskost å få møte ei så stor utstilling av ein kunstnar ein knapt kjenner til, og aldri hadde sett originalverk av. Eg var svært nyfiken på korleis eg kom til å oppleve verka hennar. Eg visste at Holte måla i den seinmodernistiske stilen som var typisk for hennar tid, men hadde bilda tolt tida? Korleis står verka hennar seg i samanlikning med verka til dei mange andre kunstnarane frå same tid?

Tidlege arbeid

Utstillinga er vakkert montert med god lyssetjing, noko som er særleg viktig for kunst som i hovudsak handlar om fargeklangar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement