Musikk
Atterklangar
Cellisten Ernst Simon Glaser spelar ny musikk tufta på gamle tankar.
Cellisten Ernst Simon Glaser.
Foto: Lina Ikse
Johann Sebastian Bach (1685–1750) har sidan «gjenoppdaginga» av han i romantikken inspirert dei fleste store komponistar. «Komponistane sin komponist» blir han gjerne kalla, sidan stykka hans har tent som epokeoverskridande musikalsk eksegese. Eit norsk døme eg nyss kom over, var noko bergensaren Harald Sæverud skreiv i Aftenposten i 1928: «Bach er den moderne musikers åndelige forbillede, – i kraft av sitt strenge kunstneriske alvor og sin intense fordypelse i det rent musikalske.»
Åm og Grenager
Solocellist i Kringkastingsorkesteret Ernst Simon Glasers dobbeltalbum Echos of What Will Come – Conversations With J.S. står slik sett i ein lang tradisjon. Utgangspunktet for plata er Bachs Suitar for cello solo, BWV 1007–1012. I «samtale» med dei seks suitane har seks nolevande komponistar skrive kvart sitt nye cellostykke, på temmeleg ulikt vis.
I opningssporet Echos of What Will Come har Magnar Åm (fødd 1952) late seg inspirera av Bachs fyrste suite. Det er ikkje lett å finna atterklangar av suiten hjå Åm. Men stykket hans er uansett vakkert – det varaste og mest tankefulle på plata, med musikalske refleksjonar som står på eigne bein.
Lene Grenagers (fødd 1969) Der Bach an der Quelle spelar på at Bach tyder «bekk» på tysk. Verknamnet på norsk ville difor vera «Bekken ved kjelda». Den lange og repetitive komposisjonen er krevjande lyttnad, gjennomsyra av dei vide, tidvis ville spranga som pregar Bachs fjerde suite. Eg slit med å «lytta meg inn» i verket, som med fordel kunne vore korta ned. Men måten Grenager framhevar det latent fleirstemmige i Bachs måte å skriva for soloinstrumentet på, er interessant.
Ulvo og Thommessen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.