Musikk

Attende på gamle tomter

Nils Petter Molvær pustar nytt liv i gamalt materiale.

Det nye albumet til Nils Petter Molvær er basert på opptak frå Nattjazz i 2024.
Publisert Sist oppdatert

Nils Petter Molvær har gått attende til utgangspunktet. Først på Vossa Jazz i 2023 og så året etter på Nattjazz. Det er frå sistnemnde konsert musikken på denne plata er henta. Tingingsverket Labyrinter, framført på Vossa Jazz i 1996, blei omarbeidd av Molvær og kom ut på ECM året etter med tittelen Khmer. For Molvær byrja då ei kunstnarleg og karrieremessig reise som norsk jazz har sett få døme på.

Klarleik

Dei ni låtane er henta frå platene Khmer og Solid Ether (2001), og avslutningsnummeret «Maja» er henta frå Molværs samarbeid med KORK, Certainty of Tides (2023).

Musikken på plata er alt anna enn resirkulerte forfriskingar. Det er ikkje rett å seia at Molvær og medmusikantane har fått eit nytt perspektiv på musikken. Det har heller kome inn ein klarleik, noko avklart og poengtert. Det er tydeleg frå første spor, «Song of Sand», der rytmeseksjonen skapar ei dub-kjensle som var fråverande i originalen.

Dramatisk reiser

Sjølv om kvar låt står fram med sine særmerke, er det å lytta til plata frå byrjing til slutt viktigare med denne utgjevinga enn med mange andre. Programmet er sett saman slik at det blir ei omskifteleg og dramatisk reise.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement