Teater
Assosiert klassikar – men for kven?
Teatret Vårt lovar Shakespeare, men leverer noko anna.
Teateret opnar med sluttscena i stykket om det forelska unge paret i Verona.
Foto: Teatret Vårt
Å annonsere eit kjent klassisk teaterstykke og så syne noko heilt anna er for så vidt eit kjent grep frå avantgardistiske frie teatergrupper. No ser det ut til at institusjonsteatra fylgjer etter. Iallfall gjer Teatret Vårt det no, med ei framsyning dei kallar Romeo og Julie og attpåtil krediterer Shakespeare for. La det vere sagt med ein gong: Dette er ikkje Shakespeare, og det er slett ikkje Romeo og Julie.
Pratsamt
I utgangspunktet ser det ut til at vi skal få nokolunde det vi er lova. Stykket opnar med sluttscena frå Romeo og Julie i om lag klassisk stil og i omsetjinga til Edvard Hoem. Men så vert det applaudert, og ein såkalla publikummar grip ordet og er full av lovord til skodespelarane. Dette er eit klassisk døme på «usynleg teater», der skodespelarar skal late som dei er frå folkemengda og ikkje i spel. Deretter vert vi kommanderte ut i foajeen, med melding om at vi snart skal få kome inn på premierefesten. Ute i foajeen held det usynlege teateret fram med at to i publikumsmengda byrjar å ropeprate til kvarandre, i ein dialog som faktisk kan minne litt om parti frå fyrsteakta i Romeo og Julie. Men når vi så vert sende attende til teatersalen, skjøner vi fort at dette ikkje kjem til å bli nokon versjon av Shakespeare-klassikaren.
Det vi får, er ei høglydt, hard og svært pratsam framsyning, der tilløpa til handling druknar i uklåre relasjonar mellom liksom-autentiske og liksom-fiktive personar. Det som gir seg ut for å vere dialogar, verkar mest som parallelle monologar utan intern korrespondanse. Her er mange forsøk på humor i metalandet mellom tekst og improvisasjon (som sjølvsagt ikkje er improvisasjon). Men det er ingen som ler, og dei merkelege forsøka på kjærleiksscener lèt oss sitje att heilt urørte.
Sjølvsagt ser vi at det er lagt eit stort arbeid i konseptutvikling, scenografi og effektar her. Skodespelarane gyv på av alle krefter, og det skal dei ha takk og respekt for.
Originalitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.